Tysdag 28.august snakkar programsekretær JK Flattun mellom anna med prosjektleiar Arild Steine, som er komande rådmann for nye Voss herad. Han fortel kor langt ein er komen i samanslåingsprosessen med Granvin.

Flattun har og ordføraren i Ulvik, Hans Petter Torbjørnsen, på tråden. Han fortel kva som rører seg i Ulvik på seinsommaren.

Direktøren ved Kraftmuseet i Tyssedal, Knut Markhus, orienterer om ein ny nasjonal konferanse om kulturminne som skal finna stad i kraftstasjonen. Han fortel og litt om det som gjekk føre seg på DNT si jubileumsmarkering i helga.

Sendinga startar klokka 10:02 med reprise klokka 16:02 og kan høyrast på FM – bandet og på nettradio og når du vil HER:

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese