Antal kommunar i økonomisk ubalanse er nesten halvert i år, og er på historisk lavt nivå. I desember 2016 var 47 kommunar registrert i ROBEK, no inneheld registeret kun 27 kommunar

pengar

Det har aldri vore så få kommunar i ROBEK sidan registeret vart oppretta i 2001 ifylgje ei pressemelding frå Kommunal – og moderniseringsdepartementet.

Den sterke inntektsveksten i kommunane dei siste åra har ført til gode økonomiske resultat. Dette er éin av grunnane til at antal kommunar i ROBEK har gått betydeleg ned.

– Det er krevande for både lokalpolitikarar og tilsette å snu eit stort underskot til overskot. Eg er glad for å sjå at så mange kommunar har fått økonomien i balanse og har kome seg ut av registeret, seier kommunal – og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Register om betinga godkjenning og kontroll (ROBEK) vart oppretta i 2001. Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK må ha godkjenning fra Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å kunna foreta gyldige vedtak om låneopptak eller langsiktige leigeavtalar, samt at lovlegheita av budsjettvedtaka skal kontrollerast.

Det er ingen kommunar i Hordaland oppført i registeret

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese