ramlegget Nærings- og fiskeridepartementet no sender på høyring, gjeld vekst på eksisterande løyve. Trafikklyssystemet har delt landet inn i 13 fargelagte soner, fargen avgjer om oppdrettarane i området får lov til å voksa

laks 2

Nærings – og fiskeridepartementet fortel i ei pressemelding at dersom alle takkar ja til tilbodet, kan det gje det offentlege inntekter på rundt 1 milliard kroner. Av dette vil 80 prosent gå til havbruksfondet. Det vil i så fall gje nesten 800 millionar til kommunane og fylkeskommunane.

– I tillegg vil kommunane få inntektene frå dei nye løyvene, som me seinare skal tildela gjennom auksjon. Samla gjer dette oppdrettsnæringa ein betydeleg mogelegheit for å auka sin produksjon, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Framlegget som no går på høyring, betyr at aktørar i grøne produksjonsområde får tilbod om å auka kapasiteten med to prosent på løyvene sine. Dette inneber eit samla tilbod på om lag 8 000 tonn. Prisen er 120 000 kroner per tonn løyvet vert utvida med.

Grøne område får tilbod om totalt seks prosent vekst. Etter at det er tildelt vekst gjennom eksisterande løyve, vil resten verta tildelt som nye løyve, via auksjon. Nærings- og fiskeridepartementet vil senda ut framlegget om tildeling av nye konsesjonar på eit seinare tidspunkt.

Hovedpunkta i høyringa er:

  • Grøne område får tilbod om totalt seks prosent vekst.
  • Etablerte aktørar i grøne område, får tilbod om å voksa med to prosent per løyve.
  • Oppdrettarar som er omfatta av unntaksreglane vil få tilbod om 6 prosent vekst, uavhengig av kva farge produksjonsområdet har.
  • Resten skal tildelast gjennom auksjon.
  • Totalt kan det nye systemet gje ein vekst i produksjonskapasiteten på nærare 24 000 tonn i 2018.

Høyringsfristen er 8. desember 2017.

Prisen er 120 000 kroner per tonn løyvet vert utvida med. Prisen er ikkje ein del av høyringa.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese