Fylkestinget vedtok 12. desember budsjettet for Hordaland fylkeskommune for 2018 med eit samla driftsbudsjett på 7 666 millionar kroner, 2 587 millionar til investeringar og 820 millionr til renter og avdrag på lån, totalt omlag 11 milliardar kroner

vasstun dirigering

Budsjettet var vedteke med dei 31 røystene til samarbeidspartia Ap, KrF, Sp og SV. Dei andre partia røysta for sine eigne forslag, ifylgje HordalandFylkeskommune.

Samferdsel med 3 337 mill. kr og opplæring med 2 712 mill. kr er sektorane med størst driftsbudsjett. Til renter og avdrag på lån går det med 819 mill. kr i 2018.

Meir til samferdsel

Fylkestinget plussa på samferdselbudsjettet med 44 mill. kr i forhold til fylkesrådmannen sitt forslag. Det vert 20 mill. kr meir til asfaltering og trygg skuleveg og 24 mill. kr til kollektivtrafikken.

Også opplæring, kultur og regional utvikling får påplussingar, medan det vert kutt på 20 mill. kr for administrasjonen. Endringane er gjort i forhold til budsjettforslaget frå fylkesrådmannen.

Ungdomskort som no

Ungdomskortet vert vidareført som i dag for aldersgruppa 16-20 år og prisen vert uendra på 365 kr. Også for periodekort for born vert det takstfrys og prisen som no 365 kr i minstetakstsona. Kostnaden med desse tiltaka er budsjettert til 12,4 mill. kr.

Auka ruteproduksjon

Til fleire ruter med buss og båt vert budsjettet auka med 10 mill. kr. Påplussinga fordeler seg med 1,5 mill. kr til fleire ruter i region Vest, 1,5 mill. kr til fleire ruter med båt Nordhordland, 2 mill. kr til fleire ruter i Sunnhordland, Hardanger og Voss og 5 mill. kr til fleire ruter i Bergen. Som ei oppfølging av strategiplanen for båt vert det løyvd 500 000 kr til ytterlegare utgreiing.

Plastrydding

Til miljøtiltaket plastrydding vert det oppretta ein søkbar post på 1 mill. kr.

Meir til opplæring

Budsjettet til opplæring og helse vert påplussa 7,3 mill. kr. Av summen er 4 mill. kr sett av til læremidlar i yrkesfag og 2,5 mill. kr til skulefrukost. Til utvida musikktilbod ved Langhaugen vgs er ført opp 500 000 kr. Til helsehjelp for papirlause flyktningar vert det budsjettert med 300 000.

Regional

Budsjettet til regional utvikling vert auka med 1,95 mill. kr. Av dette er 1 mill. kr sett av til deltaking i partnarskap næringsliv og forsking for å få til grønt skifte. Til koordinator reisliv vert sett av 600 000 kr. For å unngå kutt i tilskotet til regionsråda vert budsjettet auka med 150 000 kr. Til NCE Maritim Clean Tech vert løyvd 200 000 kr.

Kultur og idrett

Ei rekkje tiltak i budsjettet til kultur og idrett vert auka med i alt 1,96 mill. kr. Dei største påplussingane er 860 000 kr til museumsplanen/kystkultur. I tilskot til «Fjordsteam» 2018 vert løyvd 400 000 kr. Ein ny pott er 300 000 kr som elitekorps i brass og janitsjar kan søkja på. 100 000 kr er ført opp som tilskot til Norges Musikkorps forbund. Til lågterskeltilbod i fysisk aktivitet for born og unge vert løyvd 300 000 kr.

Løyvingane til Vestnorsk filmsenter og Cornerteateret vert begge auka med 100 000 kr, slik t Vestnorsk Filmsenter får 1 209 000 kr og Cornerteateret 618 000 kr. Ung vest får auke med 80 000 kr.

Løyvinga til Edvard Grieg kor vert kutta med 80 000 kr og tilskotet til Kultur vest kutta med 200 000 kr.

Kutt for administrasjon

Budsjetta til administrasjonen vert kutta med i alt 20 mill. kr samanlikna med fylkesrådmannen sitt forslag. Ved effektivisering av drifta skal det sparast 15 mill. kr. Konsulentbruken skal reduserast med 3 mill. kr og mindre reiseaktivitet kombinert med auka bruk av videokonferansar skal 2 mill. kr sparast.

Til ein trainee-stilling er det budsjettert med 500 000 kr.

Innan tannhelse vert budsjettet til kompetansesenteret sett ned med 1,5 mill. kr.

Løyving til politiske organ vert 110 000 kr mindre enn i forslaget frå fylkesrådmannen.

Større inntekter

For å dekka inn påplussingane budsjetterer Ap, Sp, KrF og SV med 15 mill. kr meir i konsesjonskraftinntekter, 10 mill. kr meir i belønningsmidlar til kollektivtrafikken og 9 mill. kr meir i inntekter frå kollektivtrafikken.

Sentralbadet

Fylkestinget løyvde 5 mill. kr til å sikra øvingslokale for Carte Blanche/ BitTeatergarasjen.

I vedtaket heiter det at fylkeskommunen vil medverka til at Carte Blanche/ BitTeatergarasjen får tilgang til øvingslokale og scene og vil gå i dialog med Bergen kommune og Stortinget for å finna ei løysing. Prosjektet vil krevja investeringsmidlar langt utover det fylkeskommunen har til disposisjon, staten må her ta sitt eigaransvar på 70%.

Omprioriterer til vegar

Grunna stort etterslep på investeringar på fylkesvegnettet vert det omprioritert 40 mill. kr av fylket sin del til tunellsikring (EU-direktiv). Fylkestinget vil bruka 30 mill. kr til forsterking av fylkesvegar og 10 mill. kr til sikringstiltak av tunellar.

Fylkestinget seier i vedtaket: «Denne prioriteringa vert gjort for å sikra heilt naudsynte investeringar på fylkesvegane. Samarbeidspartia vil understreka at staten må ta eit større ansvar for etterslepet på vedlikehald, investeringar og tunell- og brusikring.#

Lokalbåtruter

Fylkestinget ber fylkesrådmannen våren 2018 leggja fram ei sak med ein heilskapleg gjennomgang av den lokale båtruta i Osterfjorden og ruta Geitanger-Knappskog. Fylkestinget ber rådmannen avklare om det er eit fylkeskommunalt ansvar å drive båttilbodet, eller om det kan løysast i eit eventuelt spleiselag mellom fylkeskommunen og dei relevante kommunane. Fylkestinget legg til grunn at desse lokalsamfunna også i framtida må sikrast eit tenleg transporttilbod.

Dette forslaget hadde både Ap, Sp, KrF, SV og Høgre med i sine budsjettforslag.

Fylkesrådmannen hadde i sitt forslag til budsjett føreslege at dei to nemnde lokalrutene skal leggjast ned når noverande kontraktar går ut sommaren 2018.

Andre parti sine forslag

Høgre, Fremskrittspartiet, Venstre, Mijøpartiet de Grønne og Raudt la alle fram eigne forslag til budsjett. Desse forslaga fekk forslagsstillarane sine røyster.

Både Høgre og Fremskrittspartiet føreslo at fylkeskommunen sine eigedomar på Hjeltnes i Ulvik skal seljast.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese