Ein mineralrik ingrediens som forskarar i Nofima har framstilt frå fiskebein, ga uventa effektar. I forsøk der laks fekk fôr med ingrediensen, auka fargenivået i laksemuskelen betydeleg

laks
Arkivbilete

Effekten, som først vart observert i eit forsøk med laksesmolt, var synleg med det blotte auga, og vart bekrefta med kjemiske analysar, fortel nofima på nettsidene sine.

Fargen kjem frå astaxanthin, eit pigment som gir den særeigne raudfargen til laksefileten. Denne raudfargen er naudsynt for at forbrukaren skal akseptera laks som et høgkvalitets produkt.

Korkje laks eller andre dyr kan laga astaxanthin sjølv. I havet vil alger som lagar astaxanthin verta eten av små krepsdyr, som igjen vert eten av fisk, som til dømes laks. I oppdrett må det tilsetjast syntetisk pigment i fôr til laks, for å oppnå riktig raudfarge i fileten.

Berre ein begrensa del av astaxanthin som er i laksefôr, vert teken opp i muskelen til oppdrettslaks, som regel under 10 prosent. Dette kan skuldast begrensingar i opptak og transport via blod og lever, eller begrensa opptak og innfarging i muskelvev.

Dobbel ressursutnytting

– Det er litt uventa at ein mineralingrediens kan påvirka pigmentutnytting, men samtidig er det svært positivt å sjå at næringsstoff frigjort frå fiskebein kan føra til at betydeleg meir av astaxanthinet i laksefôr vert utnytta, seier Sissel Albrektsen, seniorforskar i Nofima.

Ho og kollegaer ved Nofima har lenge forska på effektive måtar å utnytta fiskebein betre. Her har dei brukt ei syre til å frigjera mineralar frå kolmulebein i ein såkalla hydrolyseprosess.

Metoden er i tråd med dagens bioøkonomiske tankegang, der målet er at alle delar av råstoffet skal utnyttast maksimalt, og at det skal verta skapt mest mogeleg verdiar av alle sidestraumar i produksjonen. Aukt astaxanthinutnytting er ein svært positiv bieffekt som også har ein høg marknadsmessig verdi.

Fisken fordøyer næringsstoffa betre

Fôr med den fosforrike mineralingrediensen er også testa på litt større laks i vekstperioden frå 1,7 til 2,5 kilo, og samanlikna med laks som fekk det samme fôret tilsett ei vanleg kommersiell fosforkjelde.

I muskel fann forskarane heile 35 prosent meir farge, målt som milligram astaxanthin per kilo fiskevekst – på fagspråket kalt pigmentretensjon. Laksen si evne til å fordøya astaxanthin auka med nesten 20 prosent i fisk som vart fôra med mineralingrediensen, samtidig som pigmentnivået i både blod og lever også auka.

– Me trur at hovudforklaringa på at muskelen vert raudare, er at laksen fordøyer meir av astaxanthinet med mineraligrediensen tilstades i fôret, seier Albrektsen.

I laks er det gjentekne gonger påvist at mineralingrediensen stimulerer til aukt vekst, og i somme tilfelle er dette forklart med aukt fordøyelegheit av næringsstoff.

I det innleiande forsøket med mindre laks, vart det funne at astaxanthin-nivået i blod, lever og heil fisk var henhaldsvis 55, 29 og 22 prosent høgare, samanlikna med fisk som fekk ei vanleg kommersiell fosforkjelde.

Kvifor det er slik, veit forskarane endå ikkje.

– I eit forsøk som pågår, vil me sjå nærare på korleis mineral og andre frigjorte komponentar i fiskebein, kan påvirka mellom anna tarmfunksjonen, seier Albrektsen.

Forskinga er ein del av eit pågåande FORNY-prosjekt, som er finansiert av Forskningsrådet.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese