Site icon Radio Folgefonn

Idrettsstipend til fem unge talent

Gaute Kvåle

Gaute Kvåle

Hordaland fylkeskommune har tildelt utviklingsstipend til fem lovande utøvarar, mellom dei Gaute Kvåle frå Røldal  Det blei og heidra seks idrettsutøvarar for særleg gode resultat i år, då dei har vunne medalje i VM eller OL i 2018, fortel Hordaland Fylkeskommune på nettsidene sine.

Kvart stipend er på 30 000 kroner, og blei delt ut på Hordaland fylkesting 10.desember av Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling.

Hordaland fylkeskommune har kvart år sidan 1994 tildelt utviklingsstipend til unge lovande idrettsutøvarar frå Hordaland. Målet er å gje utøvarane høve til vidare utvikling og stimulans innan den aktuelle idrettsgreina.

Desse fekk utviklingsstipend i år:

Gaute Kvåle – Langrenn (Røldal) 23 år

Une Kvelvane– Skiskyting (Voss) 21 år

Martine Kolbeinshavn Hjørnevik – friidrett (Bergen) 17 år

Vetle Thorn – Triathlon (Bergen) 19 år

Maria Seth Brochmann – Fotball (Bergen) 25 år

Exit mobile version