Site icon Radio Folgefonn

På plass i nye lokaler

Fotograf: JK Flattun

Anette Melkeraaen Hauso

Når Berg Gull, Sølv og Parfymeri no er på plass i DNB sine gamle lokale i Odda, er det ein heilt annan butikk som møter kundane. No kan dei etterkoma kundane sine ynskje på ein heilt annan måte enn det det var mogeleg å gjera i Bakkegata, ifylgje dagleg leiar Anette Melkeraaen Hauso.

På biletet: Anette Melkeraaen Hauso. Fotograf: JK Flattun

I det store lokalet er det no mellom anna både gullsmedverkstad  og klokkeverkstad i tillegg til smykkeavdeling. – Og så har me eit eige showrom der kundar får vera for seg sjølve når dei skal ta seg ut forlovelsesringar og liknande, fortel dagleg leiar i samtale med programsekretær JK Flattun.

Høyr heile intervjuet på lenka under, så får du mellom anna vita kva ho kan fortelja om friar – ringar

https://folgefonn.media/wp-content/uploads/2018/09/Berg-gull-søløv-Anette-Melkeraaen-Hauso.mp3
Exit mobile version