Tysnes Sparebank med solid halvårsresultat

Tysnes Sparebank leverer eit første halvårsresultat på heile 15,8 millionar kroner på drifta. Samla utlån i banken har no passert 3 milliardar kroner. Dét er om lag ei tredobling av forretningskapitalen i løpet av dei siste 3 åra. Dette fortel banksjef Dag Sandstå i ei pressemelding. Stor pågang av nye kundar Banken har i tillegg […]

Vil du vera med og røysta fram nytt fylkesvåpen?

Fylkesvåpen

Engasjementet er stort rundt fylkesvåpenet til  Vestland. 667 kreative forslag er sendt inn, og snart kan du røysta på din favoritt ifylgje nettsidene til Hordaland fylke Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar gjekk i mai i år ut og bad innbyggjarane om innspel til fylkesvåpen til det nye fylket Vestland. Oversikta over 667 forslag er no […]

Trolltungaturismen har «gått seg til»

Rolf Bøen i Trolltunga AS fortel at turiststraumen til Trolltunga hadde ein auke på 9 prosent i juni, altså ingen eksplosiv auke frå i fjor, noko han er glad for. – Somme dagar i fjor var kapasitetetn sprengt, noko som ikkje er ynskjeleg. Høyr Bøen fortelja korleis sommaren har gått i Skjeggedalsfjellet i samtale med […]

Klart for Etnemarknad

Fredag 10.august startar årets Etnemarknad. Høyr festivalleiar Kurt Helgesen fortelja om utstillarar og underhaldning med meir i samtale med programsekretær JK Flattun

Travel helg i Old River Saloon

Aslaug Mala har fått Old River Saloon opp å gå att etter eit kort avbrekk og under Etnemarknaden er det fullt program. No kan du høyra intervjuet der ho fortel om nystart og haustens program, og ikkje minst om bandet Rotlaus (biletet) som spelar fredag . Det er programsekretær JK Flattun som intervjuar Mala.

Naturens eige lys – og lydshow

Det fine veret i Indre Hardanger den siste tida har gjort lufta både varm og trykkande til tider, og mange har gått og venta på torever. Tysdag kveld kom tora endeleg, og dét vart litt av eit lys – og  lydshow i Oddadalen. I underkant av ein time glimta det til på himmelen i aust […]

No skal det leggast ekstra røyr for fiberkablar i nye vegprosjekt

Samferdselsministeren varslar at det no vert nye bestemmingar om å legga ledige trekkrøyr ved vegutbygging, slik at det er mogeleg å trekka kablar etter at vegen er bygd. Det vil gje stor kapasitet for framtida sitt behov for ekomnett ifylgje ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet. – Elektronisk kommunikasjon og breidbånd vert stadig viktigare i vårt samfunn. […]

Travel jubileumshaust for Blueslaget lokst utøve

8. desember 1993 vart Blueslaget lokst utøve stifta, noko som skal feirast med brask og bram like før jul, men før den tid skal det skje mykje på Iris Scene. Blueshelga sjølvsagt, men og andre spenstige musikalske arrangement Stein Egil Legård som har vore leiar av Blueslaget i 21 av dei 25 åra laget har […]

Sommar på Radio Folgefonn

I heile juli månad sender Radio Folgefonn reprisar frå tidlegare år frå 10:00 – 12:30, 16:00 – 18:30 og 01: – 03:30, mandag til og med fredag. Bluestrain og Countryskredet går som normalt. Nyhende går ut. Programma som vert å høyra, er Jukebox med Flattun og Mannsåker, Gode Gamle svisker og Sørameriknske rytmer med Svein […]

Radio Folgefonn fornyar seg

Bilete: Tone Mannsåker

Somme har kanskje lagt merke til at lenka radiofolgefonn.no leier til eit noko anna sideoppsett enn det vanlege. Me er i ferd med å få påplass ei heilt ny nettside med fleire funksjonar og mogelegheiter enn den gamle hadde. Me arbeider framleis med sida, og har du litt tålmodigheit, vil du sjå eit ferdig produkt […]