Meny Lukk

På Radio Folgefonn fredag

Fredag 11.januar snakkar programsekretær JK Flattun mellom anna med dagleg leiar ved Sentralbadet Litteraturhus, Joakum Sørå. Han fortel om Hardanger Spillfestival som går av stabelen i mars.

Lars Atle Skorpen i Hordaland Røde Kors er på tråden. Han fortel om inntektene frå Pantelotteriet.

Pressetalsmann ved Hardangerakademiet i Jondal, Leif Johannesen, fortel om møte laurdag 12.januar der temaet er grøn økonomi.

Sendinga startar klokka 10:02 med reprise klokka 16:02.

Klokka 13:02 er det Countryskred med Svein Hop og klokka 18:02 er det Harald og Franks Country og Bluegrass Jamboree.

Programma høyrer du på FM – bandet, nettradio og på DAB.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: