Det Norske Måltid, årets viktigaste begivenheit for alle som er opptekne av å finna dei beste norske matprodukta og råvarene, går av stabelen i Stavanger fredag 11. januar, og Det norske måltid fortel i ei pressemelding at fleire verksemder i Hardanger med omegn er mellom dei nominerte.
I kategorien Årets kjøtt er Økodrift/Homlagarden nominert med produktet heil kylling ved Bjørn Brynjolf Pederesen, Els Geelen, Brynjolf Sæhle Pedersen.
I kategorien Årets sider er alle dei tre nominerte frå Hardanger.
Åkre Gård / Gjermund og Arita Åkre med Edel is – sider,
Olav Bleie med Alde sider og Hardanger Saft- og Siderfabrikk / Nils Lekve med Hardangetr dronningsider.
I kategorien Årets sjømat foredla er Skakkeaure frå
Skakke Røykeri AS i Etner/ Roy Martin Øyjord nominert.
Det er totalt 36 finaleprodukt.
På Det norske måltid sine nettsider kan du lesa meir om dei nominerte.
Bilete: Nils Lekve og Dronningsider. Fotograf: Det norske måltid.