Mandag 17.desember skal heradstyret i Ullensvang handsama budsjettet for 2019, som er det siste budsjetttet for noverande Ullensvang.

Ordførar Solfrid Borge fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at det gjekk rimeleg greit å få på plass budsjettet for 2019. – Det er vel eit av dei enklaste åra, me fekk budsjettet på plass utan å bruka for mykje fondsmidler til å saldera det med.

Formannskapet sitt budsjettframlegg ligg no ute på høyring. Ordføraren veit ikkje om det er kome inn nokre merknader, men skal sjølvsagt orientera seg om det før møtet mandag.

Når det gjeld året 2019, seier Borge at det  kjem til å verta prega av avvikling av det noverande kommunane Odda, Ullensvang og Jondal. – Og av korleis den nye kommunen skal framstå med tenester og arbeidsplassar. Det er mykje som skal på plass innan 01.01.2020. Nye Ullensvang skal fungera frå dag ein, og dét er ei utfordring i seg sjølv.

Når det gjeld planane for ny skulestruktur på vestsida som omfattar eksisterande skule på Hauso og ny skule på Aga, fortel ordføraren at den saka ikkje vert avklart før på vårparten 2019. – Eg er veldig lei meg for at me ikkje har landa den saka og meinar vel at me kunne hatt ein ny skule ferdig på Hauso i 2019 dersom politikarane kunne ha vorte einige om det, men slik vart det ikkje. Så det vert spanande å sjå korleis dette endar opp til slutt.

Når det gjeld born og unge sine kår i nye Ullensvang, fortel Borge at det er nedfelt i intensjonsavtalen at ein skal behalda dei skular og barnehagar som finst i dag. – Det betyr mykje at desse ligg der folk bur.

Ordføraren seier at ho vona at politikarane som sit i Ullensvang heradstyre i dag, kunne ha bestemt korleis dette skal verta på vestsida, no ser det ut til at saka kan gå vidare til kommunestyret i nye Ullensvang.

Borge fortel at ho har teke til orde for rv 13 mellom Odda og Ullensvang. – Rv 13 er alt i dag arbeidsveg og skuleveg, I nye Ullensvang vert den arbeidsveg for mange og ikkje minst vegen til kommunesenteret – som skal ligga i Odda.

Borge framhever strekninga Odda – Bu der vegen er svært dårleg mange stader. – Ryfast vert jo ferdig i 2019, så det vert ikkje mindre trafikk når den er opna. Det har allereie no vorte meir trafikk på denne strekninga.

På spørsmål om det ikkje er på tide at staten skyt inn midler til vegen, svarer Boreg slik: – Rv 13 er bindeleddet mellom kommunane, og dersom politikaraner ikkje skjønar det, vert dette svært vanskeleg.

Dei siste åra har det poppa opp fleire siderprodusentar i Ullensvang, noko som imponerer Borge. – Eg må seia at dei er utruleg flinke og uredde, dei satsar og dei får det til. Ikkje minst dette med kvalitet, dei får jo prisar, den eine etter den andre, så dette er ei god attåtnæring for dei som driv gardsbruk, for det er på gardane dette skjer.

Kultur, idrett og frivillige organisasjonar er Borge sine fanesaker inn i den nye kommunen. – Dei gjer ein fantastisk jobb og eg vonar verkeleg at det varer ved.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.