Meny Lukk

Tjuvstart av villaksåret 2019

I 2019 feirer alle verdas villaksnasjonar det internasjonale villaksåret. Klima- og miljøminister Ola Elvestuen starta markeringa med stamlaksfiske i Drammenselva ifylgje nettsidene til Klima – og Miljødepartementet.

Ein 11.5 kilo tung hannlaks frå Drammenselva er seinaste innskot i genbanken for villaks. Slik bidreg han til arten si framtid i Noreg.

– Noreg er ein stor nasjon når det kjem til villaks, og med dette følger det eit stort ansvar. Vår handsaming av villaksen er avgjerande for heile arten si framtid, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Nye tiltak for villaksen

Regjeringa gjennomfører fleire tiltak for villaksen i 2019. Mellom anna har regjeringa foreslått å setta av 70 millionar kroner over tre år til ein genbank for laksefiskbestandane i Hardanger. Eit nytt, nasjonalt villakssenter er planlagt med driftseiningar fire stader i landet (Lyngdal, Lærdal, Namsos og Tana). I tillegg vert det sett i gong eit spesielt overvåkingsprosjekt for laksebestanden i Tanavassdraget, og ein held fram arbeidet med kalking av forsura elver og bekjemping av lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

– Få artar representerer naturmangfaldet sin sårbarheit og verdiar, betre enn villaksen. I kvar lakseelv har laksen gjennom evolusjon i tusenvis av år tilpassa seg livet i akkurat si elv. Kvar bestand er unik og viktig å ta vare på, seier Elvestuen.

Det er dei internasjonale samarbeidsorgana for villaks rundt Atlanterhavet (NASCO) og Stillehavet (NPAFC) som har vorte einige om at 2019 skal markerast som villaksåret. Miljødirektoratet leier Noreg sin delegasjon til NASCO og har på vegne av Klima- og miljødepartementet det overordna ansvaret for gjennomføringa av villaksåret. Norges jeger- og fiskerforbund og Norske lakseelver vil ha sentrale roller i gjennomføringa.

Gjennom villaksåret vil det vera ei rekke arrangement og markeringar for å feira villaksen og gje folk mogelegheit til å oppleva den og læra meir om arten. Arrangementa og meir info finner du på http://www.villaks2019.no

– Eg vonar flest mogeleg vil vera med å feira villaksen, og oppfordrar alle som kan tenka seg å bidra med arrangement eller tiltak, til å ta kontakt med Miljødirektoratet eller NJFF. Det kan og vera mogeleg å søka om tilskot frå Miljødirektoratet, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

I 2019 får me mellom anna:

  • Fritidstilbodet Camp villaks vil verta arrangert i ei rekke lakseelver rundt om i landet.
  • Tegneserien Lunch kjem med eit spesialnummer i samband med villaksåret.
  • Det vil verta eit utvida tilbod av fiskekurs i ei rekke lakseelver i villaksåret.
  • Lokale laks- og sjøaurekafear med aktuelle tema rundt i landet
  • Ei omreisande fotoutstilling mellom anna på Rådhusplassen i Oslo.
  • Det vert laga eit eige undervisningsopplegg for skular og barnehagar
  • Eit internasjonalt villakssymposium i Tromsø juni.
  • Vitenskapeleg konferanse i Trondheim i januar, arrangert av Vitenskapelig råd for villaksforvaltning

    Bilete: Opolaks. Fotograf: Tone Mannsåker

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: