Meny Lukk

6,6 mill kr til kulturelle prosjekt

Pengesedlar

Utval for kultur, idrett og regional utvikling har tildelt vel 6,6 millionar kroner til 20 ulike prosjekt gjennom kulturelt utviklingsprogram (KUP). Mest får Vestnorsk Filmsenter AS med 1,4 millionar kroner til etablering av eit filmveksthus.

Kulturkraft Hardanger får og midler, 400 000 i ein periode på tre år ifylgje nettsidene til Hordaland Fylkeskommune.

Filmveksthuset skal gje unge talent og nyutdanna filmskaparar frå 16 til 30 år høve til å utforska og halda fram med kreativ utvikling. Dei skal få fagleg og kunstnarsisk oppfølging og skal knytta kontakt med det profesjonelle filmmiljøet. Filmhuset skal verta ein pulsrande, framtidsretta og innovativ drivkraft og utviklingsarena for unge filmskaparar og filmarbeidarar.

Det kom inn totalt 46 søknader om støtte til kulturelle prosjekt i Hordaland gjennom KUP. Total søknadssum er 21,5 millionar kroner. 20 av prosjekta får støtte på totalt 6,637 millionar kroner.

Kulturelt utviklingsprogram er verkemiddelet Hordaland fylkeskommune har for større, klart definerte prosjekt og satsingar initiert av kulturlivet sjølv. Pengane skal gå til utvikling og ikkje til drift. Tildelinga av pengar er i samsvar med kulturplanen PREMISS til Hordaland fylkeskommune.

Til saman kan 500 000 kroner løyvast kvart år til prosjekt innan idrett og friluftsliv, men ingen av søknadene kunne oppfylla krava for slik støtte. Oversikt over alle som får støtte finn du på Hordaland fylkeskommune sine nettsider.

Bilete: Arkiv

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: