Snart skal kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane i dialogmøte med Nye Vestland fylkeskommune. Sjå når din region skal møta. Det er nettsidene til Hordaland Fylkeskommune som opplyser dette.
– Regionreforma er ein demokratireform. Derfor er det viktig for meg og for fellesnemnda at kommunar, organisasjonar og sivilsamfunn for øvrig deltek aktivt i prosessen og blir med på å forma det nye, store Vestland. Eg gler meg til å høyra innspela dei har, og til å ha god dialog om korleis Vestland skal sjå ut i framtida, seier Anne-Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland og leiar av fellesnemnda.
Planstrategi
Føremålet med møta er å få fram kunnskap og innblikk i utfordringar i ulike deler av det nye fylket, som rører ved Vestland fylkeskommune si rolle som tenesteleverandør og samfunnsutviklar.
Utfordringar i denne samanhengen kan omfatte både moglegheiter som bør utnyttast der ein har særlege fortrinn, og svake sider i høve til ønska utvikling. Innspela frå møta skal inn i eit samla utfordringsdokument for Vestland fylke, som skal ligga til grunn for ny regional planstrategi.
Dei som vil verta inviterte til møte, er representantar for kommunane, regionråda og viktige nærings- og samfunnsaktørar, i tillegg til fellesnemnda sitt arbeidsutval og fylkesadministrasjonen.
Datoane klare
Fellesnemnda sitt arbeidsutval har no vedteke datoar og opplegg for dialogmøta med kommunane og regionråda i Vestland. Sjå kva tid arbeidsutvalet kjem til din region:
Voss, 27. november 2018
Hardangerrådet
Sogn regionråd
Voss kommune
Lærdal, Årdal, Aurland, Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand, Vik, Høyanger, Voss, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Odda, Jondal, Kvam
Gulen, 31. januar 2019
- Regionrådet Nordhordland
- HAFS
- Hyllestad, Solund, Askvoll, Fjaler, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Radøy, Lindås, Meland
Bergen, 4. februar 2019
- Regionrådet Vest
- kommunar i Bergensalliansen
- Bergen, Askøy, Fjell, Øygarden, Sund, Os, Fusa, Samnanger, Osterøy, Vaksdal
Førde, 22. mars 2019
- Samarbeidsforum i Sunnfjord
- Nordfjordrådet
- Selje, Eid, Vågsøy, Flora, Bremanger, Stryn, Gloppen, Gaular, Førde, Jølster, Naustdal
Leirvik, 3. mai 2019
- Samarbeidsrådet for Sunnhordland
- Sveio, Bømlo, Etne, Austevoll, Stord, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad
Pressebilete: Anne Gine Hestetun