Helseminister Bent Høie aukar tilskotet til rekruttering av fastlegar med nesten fem millionar kroner i år. Med dei ekstra middela, har regjeringa tildelt til saman 28,8 millioner kroner som rekrutteringstilskot i 2018 ifylgje nettsidene til Helse og omsorgsdepartementet.
– Fastlegane er ein svært viktig del av helsetenesta i kommunane, og me tek utfordringane i fastlegeordninga på alvor. No kan fleire kommunar få hjelp til å rekruttera fastlegar, seier helseminister Bent Høie.
I neste års budsjett gjer regjeringa framlegg å auka rekrutteringstilskotet til kommunane med 25 millionar kroner- til totalt 39 millionar kroner. Dei 4,9 millionane er eit strakstiltak og kjem i tillegg til dette. Middela vil verta lyst ut på Helsedirektoratet sine nettsider.
Helse- og omsorgsdepartementet og Legeforeningen inngjekk tidlegare i haust ein avtale om fastlegeordninga. Departementet og Legeforeningen er einige om at oppgåvemengda for fastlegane har vorte for stor og at det må fleire fastlegar inn i ordninga.
Fastlegeordninga er under evaluering. Eit viktig mål er å finna ut korleis fastlegeordninga kan verta betre for pasientane og mindre belastande for fastlegane. Etter at fastlegeordninga er evaluert, vil det verta lagt frem ein handlingsplan for ållmennlegetenesta i kommunane.
Les meir hjå Helsedirektoratet
Bilete: Illustrasjon, arkiv.