Landbruksdirektoratet følger med på situasjonen i dei flaumramma områda i Oppland, Sogn og Fjordane og Hordaland. Den statlege naturskadeordninga kan erstatta skader som ikkje vert dekka av privat forsikring, skriv Landbruksdirektoratet på nettsidene sine.

Tidligare denne veka vart det kjent at dei private forsikringsselskapa har fått inn rundt 300 søknader til no, etter flaumen i Oppland, Sogn og Fjordane og Hordaland. Mange av skadene skuldast at vatnet har trengt inn i hus og kjellarar.

Men ikkje alle skader som oppsto etter flaumen som starta i helga, vert dekka av privat forsikring. Landbruksdirektoratet har ansvar for den offentlege naturskadeordninga som kan gje erstatning for skader på ting som ikkje kan dekkast av privat forsikring. Private grunneigarar, tomtefestarar og andre med rettigheiter til privat eigedom kan søka. Erstatninga kan dekka skader på til dømes dyrka mark, privat veg, bru, kai/brygge og skog som skuldast flaum eller skred. Kva som vert dekka og korleis ein søker finn ein på www.naturskadeordningen.no

– Me anbefaler folk som er råka av flaumen, å dokumentera skadene så godt som mogeleg ved å ta bilete. Søknadsskjemaet ligg inne på nettsida som inneheld mykje nyttig informasjon om korleis ein går fram. For øvrig er det så langt planlagt eit folkemøte i Luster kommune der flaumen har herja, og der kjem me til å delta for å informera om kva me kan bidra med, seier seksjonssjef Gunn Eide i Landbruksdirektoratet.

Bilete: Arkiv

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese