Statens vegvesen løyser i dag mange oppgåver knytt til administrasjon av fylkesvegane, mens fylkeskommunen har ansvaret for fylkesvegnettet, både økonomisk og juridisk. Regjeringa har no konkludert med at desse oppgåvene i sin heilskap skal overførast til fylkeskommunane som ein del av regionreforma, fortel Hordaland Fylkeskommune på nettsidene sine

– Dette er ein god dag for fylkesvegane og alle brukarane som er avhengige av dei til dagleg, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun etter at regjeringa overfører fylkesvegadministrasjonen frå staten til fylkeskommunane.

– No skal me sikra at den konkrete jobben med å overføra administrasjonen av fylkesvegane går godt, og at me tek imot dei tilsette frå Statens vegvesen på beste vis, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland.

– Ei overføring av fylkesvegadministrasjonen vil vera heilt avgjerande for at fylkeskommunane skal lukkast som vegeigar, og det vil styrke rolla vår som samfunnsutviklar, seier fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane.

Nøgd med avklaring

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar har etablert eit prosjekt for å sjå på framtidig organisering av vegområdet i den nye Vestland fylkeskommune, inkludert korleis fylket skal ta over dei nye oppgåvene knytt til vegadministrasjon. Fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, Dina Lefdal, er leiar for prosjektet.

– Eg er nøgd med at det er kome ei avklaring på korleis sams vegadministrasjon skal avviklast. Me har eit godt og konstruktivt samarbeid med Statens vegvesen i denne prosessen, med sikte på å få til ei god og effektiv organisering av vegadministrasjonen i Vestland fylkeskommune og syta for ei god og smidig overføring av tilsette, seier Dina Lefdal.

Følgjer med budsjettmidlar

Pressemeldinga frå regjeringa slår fast at overføringa gjeld oppgåver knytte til utgreiing, planlegging, bygging, forvaltning, drift og vedlikehald av fylkesveg. For laupande driftskontraktar vil det måtte etablerast overgangsordningar. Oppgåver knytt til tryggleik og beredskap og ansvaret for Nasjonal vegdatabank og vegtrafikksentralane skal vidareførast som nasjonale oppgåver i Statens vegvesen.

Fylkeskommunane vil få overført budsjettmidlar for tilsette som vert overførte, og der staten dekker kostnadene i dag.

Regjeringa tar sikte på at overføringa skjer 1. januar 2020, eller seinast 1. januar 2021, men tidspunktet vil verta endeleg avklart når ein tidsplan for arbeidet med avtale om overføring av tilsette er klarlagt.

Bilete: Fylkesveg 520. Fotograf: Atle Stana

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese