Meny Lukk

Til fjells i haustferien? Då bør vinterdekka på

Neste veke er det haustferie for Akershus, Aust-Agder, Buskerud, Finnmark, Oppland, Oslo, Vest-Agder, Vestfold, Østfold og Odda. Veka etter har resten av Noreg haustferie. Mange skal på hytta i fjellet og Tryg Forskring oppmodar i ei pressemelding om å skifta til vinterdekk allereie no.

– Erfaringsmessig veit me at haustferievekene innbefattar mange trafikkulukker. Mange bilistar vert overraska over snø og is på vegen, og uansett dekk, opplever ein det som uvant å køyra på dette fordi det er lenge sidan ein sist køyrde på vinterlege vegar, sier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgjevar i Tryg Forsikring.

Viktig å hugsa etter dekkskift

Kvart år skjer det ei rekke trafikkulukker i samband med omlegging av dekk. Det har skjedd at hjul har trilla av fordi hjulboltane ikkje har vore tilstrekkeleg etterskrudde.

– Mange hugsar ikkje på å etterskru hjulboltane etter å ha køyrt nokre kilometer, eller dei har montert hjula feil. Det kan få katastrofale fylgjer. Hjula kan falla av i fart, seier Brandeggen.

Han oppfordrar dessutan bileigarar til å sjekka at dei har riktig lufttrykk i dekka.

Snøbyger på veg

Allereie no ligg det snø og slaps på Riksvei 7 over Hardangervidda, og fleire bilar har køyrd ut av vegen. I Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag kan ein oppleva å møta snøbyger allereie ved 200 meters høgde. I Hordaland og Rogaland vil snøgrensa ligga på 500 meter fredag.

– Det er som regel for seint å skifta når du skrensar rundt på høgfjellet. Ikkje berre risikerer du å skada andre, men du kan også verta ståande fast over lengre tid om du er skikkeleg uheldig. Det er berre å innsjå at vinteren no melder sin
ankomst i høgfjellet, og sjølv om det er bart og fint nede i låglandet bør ein vurdera å skifta til vinterdekk no, så slepp ein ubehagelege overraskingar når snøen plutseleg ligg der, seier Brandeggen.

Bilete: Tryg Forsikring

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: