Meny Lukk

Tyssedalsvegen stengt på grunn av steinras

Bebuarar på Tokheim i Odda ringer inn og fortel at det har gått eit stort steinras på Tyssedalsvegen like ved Byrkjanes.

Etter det dei seier raste det i om lag ein halvtime og steinane sperrar no rv 13 mellom Odda og Tyssedal.

På Odda kommune sine nettsider kan du lesa at hovudvegane ut frå Odda er stengde:

Rv 13 er stengt ved Byrkjenes grunna ras og Fv 550 er stengt ved Edna bru (flaum). Vegen er og stengt ved Furebergfossen.

For oppdatert informasjon, sjekk vegvesenet sin trafikkmelding eller ring vegmeldinga 175

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: