Meny Lukk

Kartlegging av sjøbotnen

Dersom du lurar på kvifor to motorbåtar har kryssa fram og attende i hamnebassenget i Odda onsdag føremiddag, har det ingenting med ver eller ras å gjera.

Sjøbotnen i indre delar av Sørfjorden har endra seg dei seinare åra, mellom anna som fylgje av endringar i Opo. Det har til dømes bygd seg opp ein sandbanke ved steinkaien som båtar kan køyra seg fast i.

I natt kom MS Hydrograf som fungerer som losji og prosesseringsplattform, og dei mindre arbeidsbåtane MB Havelle og MB Lomvi inn Sørfjorden. Alle fartøya vert nytta til kartlegging og er utstyrte med multistråle-ekkolodd.

I dag har arbeidsbåtane kryssa fram og attende i i Hamnebassenget i Odda og Jim Stokke som er med i teamet, fortel at dei skal kartlegga botnen frå Tyssedal og innover.

Meir om Kartverket sine fartøy kan du lesa på nettsidene deira.

På biletet: Hydrograf, Havelle og Lomvi. Fotograf: Tone Mannsåker.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: