Meny Lukk

Naturens eige lys – og lydshow

Det fine veret i Indre Hardanger den siste tida har gjort lufta både varm og trykkande til tider, og mange har gått og venta på torever. Tysdag kveld kom tora endeleg, og dét vart litt av eit lys – og  lydshow i Oddadalen.

I underkant av ein time glimta det til på himmelen i aust med påfylgjande brumling og brak så ein nesten kunne kjenna bakken rista.

Sjølve tordenaktiviteten gjekk føre seg over platået bak Rosnos, og med utsikt frå Eide kunne ein berre sjå sjølve lynet éin gong, over Stølsberget, sør for Rosnos.  Etter kvart flytta veret seg nordover og avtok, men ikkje før Tor med hammaren hadde signert showet sitt med eit par elegante sikk – sakkar midt over Oddadalen.

Etter ein god time bromla det igjen frå himmelen i sør medan ei svært spesiell sky gleid i retning Rosnos. Det uvanlege skuet varte berre nokre få minutt, men er fanga på biletet her.
Underleg, vakkert og kanskje litt skummelt og. Ein veit sanneleg aldri heilt kva ein kan forventa seg når naturen sjølv tek opp paletten.

Idet tora tok til å rulla igjen, var himmelen tjukk og grå som før.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: