Samferdselsministeren varslar at det no vert nye bestemmingar om å legga ledige trekkrøyr ved vegutbygging, slik at det er mogeleg å trekka kablar etter at vegen er bygd. Det vil gje stor kapasitet for framtida sitt behov for ekomnett ifylgje ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.
– Elektronisk kommunikasjon og breidbånd vert stadig viktigare i vårt samfunn. God digital infrastruktur har etter kvart vorte ein føresetnad for velfungerande næringsliv og for god tilgang til informasjon og tenester for innbyggarane. Ved å legga føringar for at det vert lagt ekstra røyr for fiberkablar i alle nye vegprosjekt, slepp me å grava opp vegen etter kvart som den digitale kvardagen utviklar seg, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.
Når det vert bygd veg i Noreg, fylgjer entreprenørane ei rekke krav og retningslinjer. Desse er samla i handbøker frå Statens vegvesen. I ny, revidert utgåve av handboka for vegbygging (N200), er det lagt til grunn at det skal vera ledige trekkerøyr etter at vegprosjektet er ferdig avslutta. Trekkerøyr er røyr det vert trekt kablar gjennom.
– Med dette vil det ikkje vera naudsynt å riva opp vegane for å legga nye kablar for fiber og liknande. Me må også rusta oss for ei framtid med smartare vegar. Det vil krevja mykje ekominfrastruktur. Dette legg me no til rette for. Samtidig kan ein enkelt utvida mogelegheitene for betre nett til folk og næringsliv, seier Solvik-Olsen.
De nye bestemmingane vil gjelda frå 15. juli 2018.