Meny Lukk

Travel jubileumshaust for Blueslaget lokst utøve

8. desember 1993 vart Blueslaget lokst utøve stifta, noko som skal feirast med brask og bram like før jul, men før den tid skal det skje mykje på Iris Scene. Blueshelga sjølvsagt, men og andre spenstige musikalske arrangement

Stein Egil Legård som har vore leiar av Blueslaget i 21 av dei 25 åra laget har eksistert, seier at programmet for jubileumshelga som startar 7.desember, ikkje er sett endå. – Men det er klart at me vil sjå litt på kven me hadde på plakaten i starten og på dei musikarane og banda me har fått eit godt forhold til, så det vert nok eit jubileumsarrangement som mange vil setja pris på. Kvalitetsmusikk skal me finna, det er garantert, seier han.

Namnet lokst utøve indikerer at Blueslaget var på veg utfor stupet allereie frå første stund. – Men slik gjekk det ikkje, humrar Legård.  – Det gjekk meir eller mindre rett til himmels, med pangstart og 10 kjempegode år, så flata det litt ut, men etter at me innretta oss på gamle Iris og no vidare på nye Iris Scene, har medlemsmassen vore stabil på rundt 350. Det må me seia er bra i ein by med rundt 7000 innbyggarar.

Nye Iris Scene ligg på Smelteverkstomta i Odda, vinkelrett på Sentralbadet Litteraturhus på Lindeplassen. – Me er kanskje framleis litt bortgøymde for dei som ikkje er oddingar, seier Legård. – Men huset er heilt topp, god inne – og uteplass, me er på gateplan og tilgjengeleg for barnevogn og rullestol, og ikkje minst-  så er alt mykje lettare for dei som skal jobba i huset, både tilsette og frivillige, med omsyn til påfyll av varer og utstyr.

Det er ei kjent sak at Blueslaget har mange innsatsvillige frivillige som har bygd opp og rive ned scenar over «halve Odda» i to og eit halvt tiår. – No er me på rett stad, seier Legård. – Og eitt kan eg garantera: Det vert ikkje fleire oppbyggingar av scene på meg. Noko meir enn dette treng me ikkje!
Med utesecenen som er bygd, kjem det og til å verta fleire utandørskonsertar i framtida, lovar han.

Om sommaren er det normalt lavbluss på arrangementsfronten, men Iris Scene har markert forball – VM med storskjerm og ope hus i tillegg til kafedrifta. – Me vil jo gjerne ha somme konsertarrangement om sommaren og, men det er ikkje så lett å få tak i band på denne tida, dessutan er folk flest bortreiste, men fredag 27. juli har me booka Lazy og vonar at mange vil ta turen for å høyra litt gladmusikk i sommarkvelden.

Blueshelga lokst utøve går i år av stabelen 13. til 15.september og startar med eit bestillingsverk. – Då er det Tyssedalkoret med solistar som inntar Odda kino torsdagen, fortel Legård. – Det er eit kjempeprosjekt som eg trur folk vil lika. Og ellers held me sjølvsagt fast på tradisjonen med Bluesfrukost med Bård Ose som hovudattraksjon laurdag føremiddag med gratis gratis seniorblues på ettermiddagen med Nalle, som mange kjenner frå før. Begge arrangementa går på Iris Scene, men på Hardanger Hotel er det tradisjonen tru, føremiddagsblues med mellom andre Vetrhus Bluesband som for ein gongs skuld skal få spela på dagtid.
– Andre namn på plakaten er Bandidos, The Brandos, GB Express, Rich Harper Bluesband og fleire andre. Helga er fullbooka den, så me kjem snart med oppdatert infrmasjon om alt.

Men Blueshelga er langt frå det einaste laget har på menyen i haust. 25.august har dei booka Ron Davies Group, 31. august er Ove Aase klar med PopQuiz og 1.september er Hardanger Big Band på scenen. Og Bluehelga er ikkje meir enn så vidt pakka ned før Chris Thompson Band dukkar opp 28. september.  – Så me har mykje på gang, seier Legård. – I oktober har me arrangement kvar einaste helg, mellom anna Byting 19.oktober.

For Blueslagsleiaren sjølv, er kanskje november den største månaden reint musikalsk. – Det ser ut til at me klarer å få Kåre Virud Band attende til Odda, og det er stort. Virud er ein av dei verkeleg store i norsk blues, så det ser eg verkeleg fram til, seier Legård. – Dét er 10. november, og helga før, 3.november, vert og heilt spesiell, då har me ein hyllest til The Eagles med Bård Ose og Jostein Forsberg (Spoonful of Blues) som solistar. Det vert eit kjempearrangement.

I desember vert det som nemnd, jubileumsmarkering med førebels ukjent innhald, men med lovnader frå leiaren sjølv, om kvalitet. – Og før me rundar av 2018 slepp me til André Søfteland og Dei Elendige igjen, 29.desember, så det vert eit heftig halvår, seier Stein Egil Legård som snart tek seg ein pust i bakken og ein liten ferie før det brakar lausfor alvor.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: