Meny Lukk

Ytterlegare 5 millionar kroner til Musikkorpsenes år 2018

2018 har fått offisiell status som Musikkorpsenes år. I 2016 fekk Norges Musikkorps Forbund 5 millionar kroner frå spelemidla til planlegging og gjennomføring. No gjer regjeringa ytterlegare 5 millionar kroner til føremålet

odda musikklag
Odda Musikklag, bilete: Tone Mannsåker

Kulturdepartementet fortel i ei pressemelding at det er to sentrale jubileum knytt til musikkorps i 2018. Det er 100 år sidan Norges Musikkorps Forbund vart stifta og det er 200 år sidan ordninga med militærkorps vart oppretta.

– Eg gler meg til det store året for musikkorpsa i 2018. Lokale og frivillige kulturtilbod er ein sentral del av grunnmuren i norsk kulturliv. Korpsrørsla er viktig for det frivillige kulturlivet, og sikrar talentutvikling og rekruttering av profesjonelle musikarar, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Løyvinga på 5 millionar kroner i 2017 skal bidra til å utvikla samarbeidet med andre kulturaktører og opna for fleire regionale og lokale prosjekt. Kulturdepartementet føreset at NMF vil arbeida for privat medfinansering til gjennomføringa av året. Samla beløp frå speleoverskotet er på 10 millionar kroner til saman for 2016 og 2017.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: