Ein ny struktur for yrkesfag i vidaregåande skule vil bli innført hausten 2020. Det vert den største endringa i yrkesfagutdanninga sidan Kunnskapsløftet i 2006. Regjeringa tar tre hovudgrep.

Spesialisering frå start

Med dagens utdanningstilbod kjem yrkesfagelevar ikkje i gong med spesialiseringa før andre året. Næringslivet si tilbakemelding er at elevar ikkje får nok kunnskap i faget før dei vert lærlingar. Det første året brukar elevar for mykje tid på fag dei ikkje treng, fordi elevar med svært ulike yrkesfag tek dei samme faga. Til dømes må elevar som skal verta frisørar ha samme opplæring etter dei samme læreplanane som dei som skal verta båtbyggarar.

Frå 2020 vil den nye yrkesfagutdanninga samla yrkesfagelevar som har meir fagleg til felles. Utdanninga vil verta meir tilpassa arbeidslivet sine behov. Fleire elevar skal få spesialisering heilt frå start, og det skal verta endå meir spesialisering i andreåret.

– Elevane skal læra meir om faget dei skal jobba med, tidlegare i utdanningsløpet. Ein som skal jobbe med IKT skal få meir av IKT-faget, og mindre av andre ting. Det vil motivera elevar og redusera fråfall og omval, seier Sanner.

Nye utdanningsprogram: Løftar IKT, sal, frisør og tradisjonshandverk

Regjeringa vil utvida antal utdanningsprogram frå åtte til ti, for å samla elevar som har meir fagleg innhald til felles. Utdanningsprogramma Design og håndverk og Service og samferdsel vil verta  erstatta av fire nye utdanningsprogram, og det faglege innhaldet vil verta vidareført i desse programma. No skal IKT, tradisjonshandverk, frisør og sal løftast fram i kvar sine utdanningsprogram for å tilpassa desse betre til arbeidslivet sitt kompetansebehov.

– Den nye yrkesfagutdanninga vil gje elevane den kompetansen bedriftane og arbeidslivet treng. Det vil styrka elevane sine mogelegheiter til å få læreplassar, og dei med fagbrev vil få lettare jobb enn ufaglærte, seier Sanner.

Slik vert utdanningsprogramma frå 2020 – dei nye i kursiv:

  • Bygg- og anleggsteknikk
  • Elektro
  • Helse- og oppvekstfag
  • Naturbruk
  • Restaurant og matfag
  • Teknikk og industriell produksjon
  • Design og tradisjonshandverk
  • IKT og medieproduksjon
  • Sal, service og reiseliv
  • Frisør, blome- og interiørdesign

Fasar ut lærefag
Den nye strukturen bygger på eit omfattande utgreiingsarbeid. Partane i arbeidslivet har gitt innspel gjennom ni faglege råd og fem ekspertutval. I tillegg har Utdanningsdirektoratet gitt si vurdering, og saka har vore på høyring og fått mange innspel.

Regjeringa fylgjer anbefalingane frå partane i arbeidslivet og Utdanningsdirektoratet om å fasa ut ei rekke lærefag som elevar kan søka å verta lærling i etter to år på skulen. Lærefaga som vert fasa ut, er blant andre pianostemmarfaget, storurmakarfaget og industrisømfaget. Desse faga har i fleire år nesten ikkje hatt lærlingar, og er ikkje lenger etterspurde i arbeidslivet.

Etter høyringa har regjeringa beslutta at kontor- og administrasjonsfaget og sikkerheitsfaget vert oppretthalde. IKT vert heller ikkje slått saman med elektro, men styrka i eige utdanningsprogram.

No får Utdanningsdirektoratet i oppdrag å gjennomføra endringane, oppdatera innhaldet i læreplanane og vurdera namna på dei nye utdanningsprogramma.

Fakta

  • Annankvar elev som byrjar på vidaregåande skule, tek yrkesfag. Det utgjer omag 30 000 elevar kvar haust. Elevar som fullfører, får eit fag- eller sveinebrev.
  • Yrkesfag er fireårige utdanningsløp på vidaregåande. Dei to første åra er elevane på skulen, dei to siste åra er elevane lærlingar i lærebedrift.
  • Framlegget gjeld kun strukturen for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, ikkje det konkrete innhaldet i opplæringa. Eit eige utval jobbar med å vurdera innhaldet i heile vidaregåande skule.

Regjeringa sine yrkesfagsatsingar i perioden 2013 – 2018:

  • aukt lærlingtilskotet med 21 000 kroner per kontrakt. Gjer det lettare for bedrifter å ta inn lærlingar.
  • skjerpa krava om bruk av lærlingar ovafor bedrifter som vil vinna offentlege anbod.
  • laga ein eigen strategi for å auka antal lærlingar i statlege verksemder.
  • gitt yrkesfagelevar rett til påbygg etter ferdig fagbrev. Gjer vegen frå yrkesfag inn til høgare utdanning enklare.
  • innført praksisbrevet som eit praktisk toårig løp. Er eit supplement til ordinære opplæringsløp.
  • sett ned eit utval som skal sjå på om opplæringstilbodet i vidaregåande gir elevar kompetansen dei og arbeidslivet treng framover
  • regjeringa styrkar yrkesfag og fagskulane med over 70 millionar kroner i 2018. Det kjem på toppen av om lag 600 millionar i yrkesfagløft mellom 2013-2017.

Utviklinga går rett veg:

  • I 2017 vart det sett ny rekord i antal læreplassar, 20 800, ein auke på 15 % sidan 2013.
  • Det er også ny rekord i andelen elevar på yrkesfag som får læreplass. Det er ny rekord sidan målingane starta i 2011.
  • Fleire fullfører læretida og tek fagbrev enn tidlegare. I perioden 2011 – 2016 var det ein auke på 21 prosent.
  • Dei siste fem åra har antal lærlingar i offentleg sektor aukt kraftig. Kommunal sektor har fått 32 prosent fleire lærlingar, statleg sektor har ein auke på 25 prosent.