Den nye skulebygningen på Voss på 13 000 kvadratmeter vart teken i bruk i fjor haust. Til skulestart i august står og den gamle jugendbygningen frå 1919 på 6000 kvadratmeter ferdig oppussa

vossvgs
Voss vgs. Bilete: Hordaland Fylkeskommune

– Til hausten vert skulen samla på ein stad. Vi starta som Voss landsgymnas i 1919. Då var dette ein relativt stor bygning, men no ser me forskjellen. Den nye skulen vrt på nesten 20 000 kvadratmeter, og me vil alle føla oss som ein del av den samme skulen. Utvendig vert den gamle skulen tilbakeført slik den var. Husmorvindauga blir fjerna og me går tilbake til dei småruta vindauga frå 1919. Innvendig vert bygningen fullstendig renovert, seier rektor Unn Fauskanger på fylkeskommunen sine nettsider.

I den gamle bygningen skal vaksenopplæringa halde til. Og det skal byggast ein «black box», eit rom for lydopptak og bileteopptak som er ekstra godt isolert for at lyder ikkje skal sleppe ut.

Unn Fauskanger er stolt av både skulen og det nye, flotte idrettsanlegget som vert ein del av skulen.

– Me har fått det største idrettsanlegget ved ein vidaregåande skule i Hordaland, og truleg eitt av dei største i landet.

Idrettshallen er på 1600 kvadratmeter. Den innheld ein handballhall og ein basis hall, ein såkalla «turnkasse». Anlegget inkluderer eit godt treningsanlegg for freestyle, eit spinningsrom, eit styrketreningsrom og eit slyngetreningsrom. Skulen får eige rom for preparering av ski, og eit rom med tredemølle for å måla oksygenopptak. Dette er eit samarbeid med Voss idrettslag.

Skulen får det første såkalla Newtonrommet i Hordaland.

– Dette skal vi bruke til satsing på realfag. Elevane skal bygge legorobotar, læra om programmering og bruka matematikk i praksis. Både barnehagar, elevar i grunnskule og vidaregåande skule kan bruka rommet. Dette er ei satsing vi gjer i lag med Hordaland fylkeskommune, Voss kommune og næringslivet, seier Fauskanger.

Rektor er positiv til at Hordaland blir slegen saman med Sogn og Fjordane.

– For oss er det spanande med den nye fylkeskommunen. Me får ein del førespurnader frå foreldre i Sogn om skuleplass hjå oss. Me legg til rette for at elevar i Sogn kan ta vidaregåande utdanning hjå oss.

Voss gymnas tilbyr desse fag og studieretningar: Design og handverk (med val mellom frisør og blomsterdekoratør på vg2), helse- og oppvekstfag, idrettsfag (inkludert toppidrettsfag vinteridrett), kunst, design og arkitektur, medium og kommunikasjon, musikk, dans og drama, service og samferdsel, studiespesialisering, påbygging til studiekompetanse, innføringskurs for minoritetsspråklege og vaksenopplæring (mellom anna treårig utdanning i gartnarfaget på deltid, helse- og oppvekstfag, studiekompetansefag, og fag innan teknikk og industriell produksjon).

Voss gymnas har og ein vg2 klasse på studiespesialisering i Normandie i Frankrike der alle elevar i Hordaland kan søka.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.