Meny Lukk

Vil halvera parkeringsavgifta for elbilar

– For å stimulera til ytterlegare bruk av elektriske køyretøy bør det vera billegare å parkera eit elektrisk enn eit fossildrive køyretøy, seier samferdselsminister Ketil Solvik Olsen i ei pressemelding

elbil
Samferdselsdepartementet sender i dag på høyring framlegg til endring av vegtrafikklova og parkeringsforskrifta for å sikra at elektriske og hydrogendrivne køyretøy skal ha minst 50 prosent rabatt ved parkering samanlikna med fossildrivne køyretøy.

Framlegget gjeld på avgiftsbelagte kommunale parkeringsplassar skilta med kvit «P» på blå bakgrunn.

– Me har ambisiøse mål om å elektrifisera vegtransporten. Det er viktig at det lønar seg å bruka elbil, og når ein skal parkera.

Høyringsfristen er 21. januar 2018.

Sjå høyringa her.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: