Arbeidet med å utforma fylkesvåpen for Vestlandet fylkeskommune er no i gang. Eit arbeidsutval ber fylkesrådmennene i Hordaland og Sogn og Fjordane starta prosessen. Politikarane ynskjer at innbyggarane skal få vera med og bidra med innspel

ordførarar
På biletet f.v.: Anne Gine Hestetun og Jenny Følling. Pressebilete

Arbeidsutvalet, nedsett av fellesnemnda for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane til eitt fylke, hadde første møte i dag. Fellesnemnda vedtok før jul at det skal utformast eit nytt fylkesvåpen. Det er dermed ikkje aktuelt å vidareføra eitt av dei to eksisterande fylkesvåpen skriv Hordaland fylke på nettsidene sine.

Arbeidsutvalet legg opp til ein open og inkluderande prosess for utforming av det nye fylkesvåpenet. Det nye våpenet vil dei skal kommunisera og vera identitetsskapande på ein god måte med innbyggarane i fylket. Alle innspel vert vidareført til ein designkonkurranse.

Dei to fylkesrådmennene skal leia ei prosjektgruppe i arbeidet. Vidare skal ein fagkomite/jury med kompetanse innan kunst, historie, heraldikk og kommunikasjon vurdera og tilrå val av alternativ.

Til hausten skal fagkomiteen/juryen legga fram framlegg for arbeidsutvalet som tilrår ovafor fellesnemnda. Tilrådinga for fellesnemnda skal bli lagt fram for fylkestinga. Etter framdriftsplanen skal dette skje i oktober.

Arbeidsutvalet har vedteke å lyse ut stillinga som prosjektleiar/fylkesrådmann for den nye fylkeskommunen eksternt. Etter framdriftsplanen skal tilsetting skje i møte i fellesnemnda 4. mai.

Arbeidsutvalet har vidare vedteke at fylkesrådmennene skal legga fram sak om framtidig politisk organisering av den nye fylkeskommunen til møte i fellesnemnda 22. juni. Utgangspunktet skal vera den vedtekne intensjonsplanen, ansvarsområde i dag, samt nye oppgåver til fylkeskommunen.

Politisk organisering skal vera fastsett før administrativ organisering.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese