Sidan 2014 har det vore eit trendskifte der Vestlandet og Trøndelag har auka sin del av det grasbaserte husdyrhaldet (ku og sau)

sauerbeiter
Landbruks – og matdepartementet fortel at dette går fram av grunnlagsmaterialet for jordbruksoppgjeret. I perioden 2006-2014 var det Austlandet som stod for auken i den grasbaserte produksjonen, med unntak for mjølk. Sidan 2014 er det gjort fleire tilpassingar i tilskotssystemet som styrker Vestlandsjordbruket si konkurransekraft på den nasjonale marknaden.

– Det skiftet vi her ser er eit resultat av tydelig politisk prioritering av Vestlandjordbruket og andre grasområde under denne regjeringa, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

– Saman med avtalepartane i jordbruksoppgjeret, har det vore eit mål for denne regjeringa å styrke grunnlaget for ku og sau i grasområda, m.a. på Vestlandet, og stimulere til meir bruk av utmarksbeite. Samstundes har vi i enda sterkare grad stimulert til å dyrke korn og planteprodukt i andre delar av landet, der tilhøva ligg best til rette for det, seier Dale.

– Vi ser nå at politikken har gitt den effekten vi ønskjer. Vestlandet tek ein større del av den grasbaserte produksjonen, seier Dale.

Investering og rekruttering

I perioden 2014-2017 har inntektsveksten for bøndene vore meir enn dobbelt så høg som for andre grupper. Det er optimisme og investeringslyst i norsk jordbruk. Stadig fleire unge søkjer seg til landbruksutdanning, og det blir investert over 8,5 milliardar kroner kvart år. I 2015 auka nettoinvesteringane i jordbruket mest på Vestlandet.

– For å stimulere til rekruttering og gje den einskilde bonden høve til å modernisere og vidareutvikle garden sin, er investeringstilkota over jordbruksavtalen dei to siste åra auka meir enn det jordbruksorganisasjonane har kravd, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

I jordbruksoppgjeret for 2016 vart kravet om at alle mjølkekyr skal vere i fjøs der dei kan gå fritt og ikkje vere bundne opp på bås, utsett i 10 år.

– Omlegging til lausdrift er spesielt krevjande for dei små og mellomstore mjølkegardane som det er mange av på Vestlandet. Denne utsetjinga gir betre høve til å nytte ut den kapitalen som allereie er investert, samstundes som det gir bøndene betre høve til å planlegge nyinvesteringar, seier Dale.

Sauebøndene på Vestlandet kjem betre ut

Sauehaldet er stimulert gjennom auke i arealtilskot til grasproduksjon, tilskot til utmarksbeite og betre betalt for god kvalitet på slakta. I 2014 vart det åpna for å gje tilskot også for meir enn 300 sauer. I årets avtale er tilskotet til dei første 100 sauene auka.

– Då denne regjeringa overtok var det eit stort underskot av norskprodusert sauekjøtt., påpeikar Dale. – Over 10 prosent av forbruket måtte importerast frå utlandet. Det var ei fallitterklæring frå den rødgrønne regjeringa at graslandet Noreg med store beiteressursar ikkje klarte å produsere det vi sjølve et av sau- og lammekjøtt, seier landbruks- og matministeren.

– I løpet av få år har vi no blitt sjølvforsynte. Større produksjon kombinert med auka sal og marknadsbalanse gir grunnlag for inntektsauke for sauebøndene. Sauebøndene på Vestlandet kjem betre ut i årets jordbruksavtale enn lands-gjennomsnittet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.