Meny Lukk

Uendra mjølkekvoter for 2018

Landbruks- og matdepartementet gjennomførte mandag kvotedrøftingar med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag

mjølkerobot
Mjølkerobot, bilete: Ivar Nistad

På bakgrunn av dette har Landbruks- og matdepartementet fastsett forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk til 0,98 og forholdstalet for disponibel kvote for geitemjølk til 0,96 for kvoteåret 2018. Dette er ei vidareføring frå kvoteåret 2017 for både ku- og geitemjølk ifylgje Landbruks – og matdepartementet.

I møtet 13. november 2017 gjorde Tine som marknadsregulator, greie for marknadssituasjonen i inneverande kvoteår og prognosane for innvegd mjølkemengde og mjølkebehov i 2018.

Jordbruket sine organisasjonar la vekt på at produksjonen vert basert på norsk råvare og at ei vidareføring av dagens forholdstal også for 2018 vil gje marknaden ein tilstrekkeleg tilgang på mjølk. Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag tilrådde at forholdstalet for disponibel kvote skulle vidareførast på 0,98 for kumjølk i 2018.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: