Meny Lukk

TUBFRIM 90 år

For 90 år sidan starta Postmester Ditlef Frantzen innsamling av brukte frimerke i Nesbyen, til inntekt for tuberkulosearbeidet blant born og unge i Noreg. Butikken fekk etter kvart namnet TUBFRIM og har sidan oppstarten delt ut over 23 millionar kroner til born og unge i Noreg

Tubfrim
I ei pressemelding frå TUBFRIM fortel dei at det  i løpet av desse 90 åra har vorte samla inn over 600 tonn med brukte frimerke, som er seld vidare til frimerkesamlarar over heile verda.

Trass i nedgangen i bruk av frimerke, har TUBFRIM i 2018 igjen gleda av å kunna dela ut kr 650.000,-til førebyggande og trivselsfremjande tiltak for funksjonsfriske og funksjonshemma born og unge, samt til kampen mot tuberkulose.

For året 2017 var det 44 lag og organisasjonar som kom gjennom nålauga og vart tildelt støtte til førebyggende og trivselsfremjande tiltak.
Søknadsfrist for tildeling av TUBFRIM-midler året 2018, er sett til 15. mars 2018, og vert handsama våren 2018.

Ein er no midt inne i den viktige frimerkesesongen, og TUBFRIM si store von er at frimerke framleis skal strøyma inn. Dagleg kjem det hundrevis av brev med frimerke frå skular, bedriftar, privatpersonar, stat og kommunar.

TUBFRIM rettar  ein stor takk til alle som samlar frimerke. Uten dei ville dei ikkje kunna dela ut så store midler kvart år.

I tillegg til frimerke, frimerkesamlingar og album,samlar TUBFRIM inn alle typer kort, så som julekort, stadkort og prospektkort, brukte og ubrukte. Innsamlingskassar er plasserte ut på Servicetorg i 350 av landets kommunar for å forenkla innsending.
Oversikt over kommunar med innsamlingskasse finn ein på www.tubfrim.no

Trass i alle gode TUBFRIM-hjelparar som gjer brukte frimerke om til gode tiltak, treng TUBFRIM all den hjelp dei kan få. Det er viktigare enn nokon gang å ta vare på frimerke meiner TUBFRIM.

Har du berre 5 frimerke tar TUBFRIM gjerne imot desse også. Den største konkurrenten deira er søppelkassen.

Organisasjonen Sons of Norway i USA har gjennom mange ti-tals år støtta TUBFRIM med betydeleg mengde frimerke. Dette skjer i samarbeid med Sjømannskyrkjene og DSV Air&Sea som besørgar transport frå USA.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: