Festivalleiar Ingvild Ystanes fortel at i 2018 skal skjønnlitteraturen utforskast i lys av temaet løgn. Ho fortel at ein også så smått er i gong med å fylla programmet med innhald
Ystanes seier at ho trur dei fleste forfattarar enten dei skriv skjønnlitteratur, historie eller sakprosa, er opptekne av løgn. – Dei som skriv historie vil jo finna ulike versjonar av den samme hendinga, og i skjønnlitteraturen kan me til dømes gå attende til Ibsens Peer Gynt og livsløgna. seier ho. – Og så har me dagens debatt om virkelighetslitteraturen, kven sine historiar er det som skal forteljast. Når ein vurderer litteratur i lys av løgn, er det svært mange forfattarar som er aktuelle å ta inn i programmet for 2018 ifylgje festivalleiaren. – Dét er og eit teikn på at ein har vald eit godt tema. Det dukkar stadig opp koblingar til folk som det er mogeleg å invitera og me har såvidt tatt til å senda ut invitasjonar, men har ikkje så mykje heilt konkret å legga fram endå. så det får me koma attende til. Løgn som tematikk vart først sleppt for dei frivillige som var invitert til samling i Litteraturhuset fredag. – Så då løgn først var ute, tenkte me at me fekk fortelja det til alle andre og, og heller koma attende med pressekonferanse når me har meir kjøt på knokane for å seia det slik. Den fasen førebuinga er inne i no, er ein av dei Ystanes likar best. – No er alt mogeleg og lov, me kan invitera akkurat dei me har lyst til. Når det gjeld mannskap, er festivalleiaren den einaste som er fast tilsett i Litteratursymposiet. – Festivalen har ein programkomite som pønskar ut tema og program. Biblioteksjefen Else Marie Sandal, jobbar med dette heile året, og me har og andre frå kulturkontoret i Odda med. Det er eit stort antal frivillege som som stiller opp på store eller små jobbar i samband med Litteratursymposiet. – Det er mange som bidreg i større eller mindre grad, somme er med heile året medan andre er med under festivalen, fortel Ystanes. Litteratursymposiet i Odda har arbeidd seg fram til å verta ein litteraturfestival som har godt ord på seg ute i «forfattarverda». – Eg får tilbakemeldingar om at dei fleste forfattarar likar seg her, at dei likar den gode, fortetta stemninga i Odda, noko dei og fortel til forfattarkollegaer. Ifylgje festivalleiaren det er mange som vert glade for å få ein invitasjon frå Odda, og det er kjekt – ikkje berre for leiaren, men også for andre oddingar. Litteratursymposiet går alltid av stabelen i veke 41. I år 10. – 14.oktober, det er berre til å gle seg. Kor vidt me får høyra den vekjende dialogen knytt til bukkerittet mellom Peer og mor Åse, veit ingen endå, men som festivalleiar Ingvild Ystanes nemnde, så ligg den der og duppar midt i tematikken: ÅSEPeer du lyverPEERNei, jeg gjør ei!ÅSENå, så bann på, det er sant!PEERHvorfor banne?ÅSETvi; du tør ei! Alt ihop er tøv og tant!PEERDet er sant – hvert evige ord! |