Meny Lukk

Tre frå Hordaland fylkesting til Stortinget

Tre medlemer i Hordaland fylkesting er valde inn på Stortinget ved valet 11. september i år. Det er Tom-Christer Nilsen (H), Silje Hjemdal (Frp) og Nils T. Bjørke (Sp)

stortinget
Også tre tidlegare medlemer av fylkestinget er mellom dei 16 stortingsrepresentantane frå fylket vårt. Det er Torill Eidsheim (H), Helge Andre Njåstad (Frp) og Ruth Grung (Ap). Med representantar som har vore medlemer i fylkestinget vårt, bør kunnskapane om fylkeskommunen vera god på hordalandsbenken for perioden 2017-21 skriv Hordalandfylke på nettsidene sine.

Fylkestinget i oktober skal velga nye representantar for dei som er på Stortintget.

Også fleire vararepresentantar har røynsle frå fylkestinget. Det gjeld 1. vara for Arbeidarpartiet, Leif Sande, 1. vara for Kristeleg folkeparti – Torill Selsvold Nyborg, og 2. vara for Høgre – Sigurd Hille.

Stortingsrepresentantar frå Hordaland:

Erna Solberg 56 år, Høyre

Magne Rommetveit 61 år, Arbeiderpartiet

Helge André Njåstad 37 år, Fremskrittspartiet

Ove Trellevik 52 år, Høyre

Jette F. Christensen 34 år, Arbeiderpartiet

Peter Christian Frølich 29 år, Høyre

Kjersti Toppe 49 år, Senterpartiet

Silje Hjemdal 33 år, Fremskrittspartiet

Audun Lysbakken 39 år, Sosialistisk Venstreparti

Eigil Knutsen 28 år, Arbeiderpartiet

Torill Eidsheim 47 år, Høyre

Knut Arild Hareide 44 år, Kristelig Folkeparti

Tom-Christer Nilsen 48 år, Høyre

Ruth Grung 58 år, Arbeiderpartiet

Terje Breivik 52 år, Venstre

UTJEVNINGSMANDAT

Nils T. Bjørke 58 år, Senterpartiet

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: