Kundeteljaren til turistkontoret i Eidfjord har talt, 128.366 personar gjekk inn dørane deira i perioden april il og med september 2017, mot 107.610 i samme periode i fjor. Dét seier litt om kor travelt det har vore i skranken deira i sommar 

turistinformasjon eidfjord
Marit Stadheim

I fredagsnytt frå Eidfjord seier Marit Stadheim at  ein stor auke i antal cruisegjester sjølvsagt påverkar talet, og det at dei sel billettar og aktivitetar til cruisegjestene gjer at det er ekstra travelt på kontoret dei dagane cruiseskip ligg til kai.

I år har Eidfjord hatt 75 cruiseanløp med tilsaman 103.390 passasjerar ombord, mot 49 anløp med 71.077 passasjerar i fjor. Stadheim fortel dei har seld billettar og aktivitetar over skranken på turistkontoret for meir enn 3,8 mill kr + mva i sommar, 63% meir enn i fjor.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.