Når Odda kommune vil selgja Importkaien på Smelteverkstomta for ei krone, er det fordi kommunen er på jakt etter nokon som har gode idear for utvikling og bruk av tomta

bsmelteverkstomta
Bilete: Tone Mannsåker

Vidar Solvi (Ap) sit i juryen som skal avgjera kven som har den beste ideen. I samtale med programsekretær JK Flattun seier han at årsaka til at kommunen vil gje området vekk, er at det fylgjer mange forpliktelsar med på grunn av at store deler av området er freda.

– Den som får det, påtar seg ein god del forpliktelsar, men har dei idear og visjonar, skal dei få det for ei krone.

Solvi fortel at før denne konkurransen vart tillyst,var det somme var i kontakt med kommunen med tankar om bruk av området, og det det har gått på til no, er leiligheiter og kontorbygg.

– Når ein tenker på beliggenheita, må det jo vera ein draum å ha ei leiligheit der. Etter mi meining er det kanskje den finaste tomta i Odda, og me ynskjer at det og skal leggast til rette for friluft og for at innbyggarane i Odda skal kunna nytta den flotte tomta.

Solvi fortel at den eine halvdelen av bygget er freda. – Enkelt sagt er det den delen av bygget der sjaktene befinn seg, som er omfatta av freding, men det freding gjennom bruk som resten av Smelteverkstomta, så bygget kan settast i stand og brukast tuil ulike føremål. Kor mykje endringar ein har høve til å gjera, er eg ikkje heilt sikker på.

Den andre halvdelen av bygget kan ein eventuell ny eigar bygga på eller riva om han vil.

– Mogelegheitene er mange, seier Solvi. – Me skal vurdera det etter kvart som det kjem inn, og og sjå kven me synes har dei beste ideane. Det er jo det som er tanken bak heile konkurransen. Somme tenker leiligheiter, andre overnattingsstad og atter andre tenker kanskje heilt andre ting.

Det har og vore snakk om legga til rette eit tilbod for småbåtar i området.

– I utgangspunktet ser det kanskje litt gammalt og slete ut der nede, seier Solvi, – men mogelegheitene er uante. Det fins nesten ikkje grenser for kva ein kan få til der.

For å få napp, har kommunen bestemt seg for at det skal annonserast breidt. – I fora der investorar gjerne bevegar seg. Det er om å gjera å få tak i folk som har både mogelegheit og evne til å få noko til.

Eit anna aktivum for tomta, er bru over elva. – Den gamle brua er teke bort no, men bru er det viktigaste iallefall i mitt hovud. Ein forbindelse mellom steinkaien og resten av Odda sentrum vil vera fantastisk, ikkje minst sett i samanheng med den nye turvegen langs elva.

Det har ikkje meldt seg interesserte endå, men Solvi reknar med at det kjem.

Den som ynskjer meir informasjon, kan gå inn oddakommune. – Der finn ein fredningsomfang og kva krav kommunen stiller til framdrift av prosjektet, med meir. Ingen får kjøpa og la det stå, ein må bevisa at ein har noko som kan gjennomførast.

Fristen for å melda seg på, er 1.desember 2017.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.