Meny Lukk

Teknobonden investerer i maskiner

Norske bønder satsar betydeleg i ny teknologi, og budsjetteringar viser at så mykje som 9,8 milliardar kroner kan verta investert i jordbruket i løpet av 2017 Det er 800 millionar meir enn i 2015. Norske bønder er i verdstoppen i bruk av mjølkerobotar

mjølkerobot
Mjølkerobot, bilete: Ivar Nistad

Dei 9,8 milliardane som kan verta investert i jordbruket i løpet av 2017 er medrekna nye leiekontrakter og leasing fortel landbruks -og matdepartementet.

– Utvikling og bruk av ny teknologi vert avgjerande når bøndene skal møta dei framtidige utfordringane: Løysingar som til dømes kan halda kostnadane nede, auka produksjonen, som kan betra dyrevelferda og som kan spara den einskilde bonden for ekstra arbeid. Skal me rekruttera ungdom til næringa, må me satsa på landbruksteknologi, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Noreg ligg langt framme i bruk og utvikling av landbruksteknologi. Produksjonsmengden i norsk jordbruk, er nesten dobla sidan 1960. Me produserer like mykje mat i dag som i 2000, men med 35 prosent mindre arbeidsinnsats.

Utviklinga av ny teknologi og digitaliseringa går i ein rasande fart. I 2016 vart altså 9,7 milliardar investert i jordbruket. Investeringar i maskiner og reiskap utgjorde 50 prosent av beløpet. Det viser tal frå budsjettnemnda i jordbruket. Teknobonden har mogelegheit til å forbetra dyrevelferda, produsera norsk mat meir klimavenleg, auka produktiviteten og spara tid og pengar. Teknologien lokkar også fleire unge til landbruksnæringa.

– Parismålet kjem til å setja landbruket på prøve, og me er avhengige av innovasjon og ny teknologi for å redusera utsleppet frå landbruket, seier landbruks- og matminister Dale.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: