Meny Lukk

Sveio årets nynorskkommune

Statssekretær Bård Folke Fredriksen i Kulturdepartementet delte fredag ut prisen Årets nynorskkommune 2017 til Sveio kommune i Hordaland som mellom anna har nynorskkurs for småbarnsforeldre

nynorsk
Kulturdepartementet heidrar Sveio kommune i Hordaland for det særskilde språklege medvitet kommunen syner. Kommunen arbeider systematisk og grundig for å halda nynorsken levande i ein region der målforma er under press, skriv språkrådet i ei pressemelding.

Sveio kommune har sett kor viktig det er å byrja med nynorskopplæring for born og unge så tidleg som råd. Difor lever målforma i beste velgåande i dei kommunale barnehagane, og biblioteka er fulle av god barne- og ungdomslitteratur på nynorsk. Kommunen har òg arrangert nynorskkurs for småbarnsforeldre, ein nyskapande idé som har fått mykje merksemd.

– Det trengst friske tiltak for å stø opp om nynorsken i pressområda i landet vårt, og Sveio er eit prakteksempel på at målretta arbeid nyttar. Sveio skal ha ros for innsatsen kommunen gjer for å skape trygge nynorskbrukarar, både blant barn og vaksne, seier Kristin Solbjør, seksjonssjef i Språkrådet, som leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

I Sveio er all offentleg informasjon på nynorsk, og språklege målsetjingar er på plass i planverk og strategidokument. Frå og med 2018 vil òg opplæringstilbodet til innvandrarar og flyktningar i Sveio vere på nynorsk. Juryen vil heidra Sveio for innsatsen kommunen gjer for å inkludera nye innbyggjarar i den lokale språklege fellesskapen.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: