Meny Lukk

Stort haustprogram på Old River Saloon

Det vert alt frå countryrock og norsk pop til Abba denne hausten. Gunslingers opnar med Oktoberfest første lørdagen i oktober og i romjula avsluttar Stavangerkameratene 2017 – turneen sin på Old River Saloon

abba tribute
Abba tribute, Pressebilete

Old River Saloon i Etne har krydra programmet utover hausten og vinteren med fleire kjende artistar og populære band på konsertlista, fortel Aslaug Mala i ei pressemelding frå Saloonen.

Gunslingers opnar med Oktoberfest første laurdagen i oktober. Siste laurdagen samme månad, blir det festkveld med Sandra Lyng på saloon-scenen for første gong. Lørdag 25. november byr Saloonen opp til stort Abba-show med overraskingar og litt smak av jul attåt.

Julemånaden blir hektisk med bandet Fyk frå Imsland 16. desember og Amerikalinjen første juledag. Året blir avslutta med eit forrykande Nyttårsparty med Stavangerkameratene på scenen.

Innimellom alle desse, er førebels Good Foot, Bill Booth, Kr. Solvang og The Hot Shots booka inn førebels.

Oktoberfest med Gunslingers

Lørdag 7. oktober inviterer Old River Saloon, saman med GUNSLINGERS, som er eitt av landets beste og mest populære country- og folkrockband, til Oktoberfest i Etne.  Med vokalisten Frode Måkestad i front på scenen, og hans fire musikarar  bak, blir det garantert høg countryfaktor både på scenen og på dansegolvet i Pink Cadillac denne første helga i oktober.

Fest med Sandra Lyng

Lørdag 28. oktober står Sandra Lyng

med band på scenen i Old River Saloon for første gong. Etter at ho snart har vore artist halve livet, vil ho nå gjera eit lite ”throwback”. – Etter å ha sunge på engelsk i mange år, og hatt det kjempegøy med det, vil eg nå ta morsmålet mitt tilbake i musikken, seier ho.

Dei siste åra har ho gitt ut platina-singlar som Prtey,  Night after night og Play My Drum. Ti år etter at ho gav ut albumet Døgnvill, er ho nå aktuell med singelen Ta me dit. I tida framover vil ho sleppa fleire låtar, alle på norsk.

Abba-show med noko attåt

Abba-kveld med trampeklapp og god stemning», var overskrifta i Haugesunds Avis etter konserten i Storhall Karmøy.

«Abba suksess ; Det var så mange som ville sjå og høyra Abba Tributemed Unni Hilt i spissen, at arrangøren måtte henta inn meir stolar før konserten kunne starta, stod på  første side av Bømlo Nytt etter konserten på Kanaldagane i sommar.
Dei fire vokalistane, Hibbi Mannes, Henriette Braavig, Mads Pedersen og Unni Hilt syng Abba-låtar på høgt nivå, og saman med eit fantastisk band med bl.a. supergitarist og vikedøl, Jon Ørnes, og ikkje ukjende trommeslager, Jostein Hustveit, vil dei garantert få deg i stemning.

 

Opplev ein hitparade med dei mest kjende songane frå den svenske supergruppa, skriv Mala

– Anten du vil dansa eller berre lytta, så er dette rett og slett noko du ikkje bør gå glipp av.

Kom og bli med på ein Super Trouper lørdagskveld på Saloonen.
Det blirnytt Abba-show i Saloonen 25. november.

 

Nyttårsparty med Stavangerkameratene

 

Låten Vekk meg opp, under volleyball-VM i Stavanger sommaren 2015, var starten på knallsuksessen Stavangerkameratene. Nye låtar har følgd som perler på ei snor, med mellom andre; Bare så du vett det, Bare du og Vil du Shalala.
Stavangerkameratene starta sin omfattande turné i 2017 i Old River Saloon i påsken og avsluttar året i Saloonen med eit forrykande Nyttårsparty 29. desember, lovar Aslaug Mala.

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: