Det skjer ting på byggfronten i Odda kommune, og meir kjem i nær framtid ifylgje rådmann Ole Jørgen Jondahl. Gledeleg nok er ein del knytt til Smelteverkstomta, medan Opovassdraget skaper noko meir hovudbry
I samtale med programsekretær JK Flattun fortel Jondahl at Gamle Yrkesskulen etter planen er innflyttingsklar til sommaren eller tidleg haust, eit hus som skal vera eit bemanna butilbod for innbyggarar med rusproblem.
Ein er og i gong med grunnarbeidet på tomta til den nye barnehagen i Skarde. – Me reknar ein byggeperiode på vel eit år, så me reknar med å opna barnehagen hausten 2019, når det nye barnehageåret startar.
Rådmannen fortel at reguleringsplanen for Almerket ligg til politisk handsaming no i 2018, det dreier seg mellom anna området der Dicylageret ligg i dag. – Eg reknar med at 2018 vil gå med til å behandla denne reguleringsplanen ferdig, seier han.
Når det gjeld området ved djupvasskaia somvart lyst ut for ei krone til den som hadde ein god, realiserbar ide for tomta, er det kome inn ei interessant, lokal investorgruppe. – Kommunen si arbeidsgruppe, har vurdert det konseptet investorgruppa har spelt inn, ogkKonseptet ligg til politisk handsaming i februar, fortel Jondahl.
Det skjer og andre spanande ting knytt til Smelteverkstomta, ifylgje rådmannen. Kommunen har ein plan om å byrja bygginga av nytt kryss og vegløysing på tomta, hausten 2018. – Saka går ut på anbod i år og planlagt byggestart er september/oktober, altså etter at turistsesongen er over, seier han.
Jondahl fortel og at COOP kan starta bygging av det nye bygget sitt samtidig som vegbygginga startar. – Så framt dei ynskjer det og er ferdige med prosjekteringa av det nye bygget sitt, kan dei starta.
Det framtidige byggeprosjektet som har skapt størst temperatur før det er teke eitt spadestak, er SKL sitt flaumtunnelprosjekt i Opovassdraget.
– Konsesjonssøknaden til SKL ligg ute til høyring med frist 20.februar og kommunestyret skal hadsama høyringssaka 14.februar, fortel rådmannen som legg til at utviklingskomiteen og formannskapet i Odda også handsamar saka i månadskiftet januar – februar.
Når det gjeld denne saka, er det fleire i lokalsamfunnet som har engasjert seg mot SKL sin konsesjonssøknad og meiner at eit kraftverk i det verna vassdraget vil medføra ulemper formiljø og villaks.
– Konsesjonssøknader skaper alltid diskusjon og engasjement, seier rådmannen. – Og det er heilt klart at rådmannen og politikarane i Odda ynskjer å gjera alt me kan for å sikra at innbyggarane mot framtidige storflaumar.
Bygging av flaumtunnel i Opovassdraget, for mellom anna å avhjelpa dei hyppige oversvømmelsane på Sandvin, har fått ulike prislappar, men kostnadene ligg likevel i fleire hundremillionars – klassen. – Enten prislappen er 150 eller 300 millionar seier NVE at dei ikkje har midlar til å ta eit så stort tiltak som dette vil vera, seier rådmannen.
Stortinget har heller ikkje sett av midler utover dei 100 millionane me har fått til sikring av elva. SKL er budd på å ta ei rekning på vel 300 millionar for bygging av flaumtunnel, dersom dei får produsera straum.
Det har allereie vore folkemøte vedrørande planane for Opovassdraget. – Det vert nok eit folkemøte til før 20.februar, seier Ole Jørgen Jondahl. – Men dato er ikkje sett endå.