Meny Lukk

Søndag går årets viktigaste spasertur

Årets TV-aksjon går til UNICEF og arbeidet for å gje fleire born mogelegheit til utdanning. «Følg et barn til skolen» er årets slagord og den som leier aksjonen i Odda kommune, er Emil Tomasgard som vonar at mange vil stilla som bøsseberarar

emil tomasgaard
Emil Tomasgard, bilete: JK Flattun

Innsamlinga går føre seg søndag 22.oktober og Tomasgard seier i samtale med programsekreær JK Flattun at ein ikkje treng å registrera seg som bøsseberar på førehand. – Det er berre å møta fram på Bokkotunet i Odda, på grendahuset i Skare og Røldal eller på barneskulen i Tyssdal.

Tomasgard viser til alle skulane som er øydelagte i krigsherja område og at svært mange born har fått avbrote skulegangen sin, eller adri kome i gong med den.

– Utdanning er ein føresetnad for at menneske skal kunna skapa seg eit verdig liv, men eg meiner at utdanning og er ein av førestnadene for at det kan verta fred i krigsherja område.

Under info frå somme Hardangerkommunar sine nettsider.

Odda

Ullensvang

Ulvik

Eidfjord

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: