Meny Lukk

Skal få ned forureininga frå cruiseskip i verdsarvfjordar

Verdsarvområda på Vestlandet skal verta reinare. Cruisetrafikken gir i periodar helse- og miljøskadelege utslipp i Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Synnulvsfjorden og innerste del av Tafjorden fortel Klima – og miljødepartementet

cruiseskip

No har departementet bede Sjøfartsdirektoratet starta arbeidet med å få ned utslippa frå skip til luft og sjø.

Desse fjordane står på UNESCO si liste over verdsarvområde. Dei skal beskyttast særskilt ifylgje krava i den internasjonale verdsarvkonvensjonen.

– Noreg har eit spesielt ansvar for å ta vare på verdsarvområda våre. Grøn skipsfart er og eit satsingsområde for regjeringa. Me har høge ambisjonar på begge område. Når me reduserer forureininga frå skip i verdsarvfjordane, kan me oppnå to viktige mål på ein gong, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen på departementet sine nettsider.

Sjøfartsdirektoratet fekk i 2016 i oppdrag av Klima- og miljødepartementet å kartlegga miljøutslipp i tre av verdsarvfjordane. Desse resultata og forslag til ei rekke tiltak for å redusera utslippa, er presentert i rapporten «Utslipp til luft og sjø fra skipsfart i fjordområder med stor cruisetrafikk».

I tråd med anbefalingane bed Klima- og miljødepartementet no Sjøfartsdirektoratet greia ut innan utgangen av 2017,  nærare tiltak som reduserer estetisk forureining og synleg røyk frå skipa. Dei skal og vurdera fartsbegrensing i fjordane i samarbeid med Kystverket. Direktoratet skal arbeida med sikte på å stilla fleire krav til skipa, mellom anna grenser for utslipp av nitrogenoksider (NOx) til luft og svovelinnhald i drivstoffet samt eit forbod mot utslipp av mellom anna kloakk i fjordane, innan utgangen av 2018.

Arbeidet skal gjennomførast i tett kontakt med berørte interesser.

– Med desse tiltaka på plass, vert utslippa frå skip i verdsarvfjordane betydeleg redusert. Det er bra for miljøet lokalt og viser at me tek ansvaret vårt for forvalting av verdsarvområda på alvor. Det vil og kunna gje endå betre opplevingar for turistar og andre som besøker områda og styrka marknadsføringa, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: