Meny Lukk

Skal balansera bruk og vern av Hardangervidda

Planen for langsiktig arealforvalting av Hardangervidda skal no rullerast. Planprogrammet er ute på offentleg høyring. Planen skal balansera bruk og vern

hardangervidda
Hordaland fylke fortel på nettsidene sine at planen er viktig for framtida til villreinen, men den skal og legga til rette for næringsutvikling og turistliv.

Hardangervidda vert forvalta gjennom eit samarbeid mellom Hordaland, Buskerud og Telemark fylkeskommunar. Regional plan for Hardangervidda vart vedteken i dei tre fylkeskommunane i 2011. No skal planen rullerast. Fylkesutvalet i Hordaland har vedteke å senda utkastet til planprogram ut på høyring. Liknande vedtak er gjort i dei andre fylkeskommunane.

Gode levevilkår

Målet med planen, er å gje villreinen gode levevilkår, syta for at lokalsamfunna kan driva nærings- og bygdeutvikling og at området er lagt til rette for friluftsliv og naturbasert næringsliv.

Hardangervidda er det største høgfjellsplatået i Nord-Europa. Området gjev viktig grunnlag for næringsliv og busetnad. Hardangervidda har ein rik flora og rikt dyreliv, med mellom anna den største villreinflokken i Noreg.

Internasjonal plikt

I 2007 tok miljøverndepartementet initiativ til regionale planar for dei mest viktige villreinområda i landet. Fylkeskommunane fekk i oppgåve å utarbeida planar for heilskapleg forvalting. Noreg er det einaste landet i Europa som har villrein i fjellområde, og har internasjonalt plikta seg til å ta vare på arten.

Frist for innspel

Hovudtrekka i den regionale planen som vart vedteken i 2011, vert stort sett vidareført i rulleringa. Alle kan komma med innspel til planprogrammet på www.regionalplan-hardangervidda.no. Frist for innspel er søndag 15. oktober. Det endelege planprogrammet vil truleg verta vedteke i dei tre fylkeskommunane før jul. Då startar arbeidet med rullering av den regionale planen som skal gjelda for perioden 2019 – 2035.

Heile høyringsforslaget finn du på hordaland.no.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: