Meny Lukk

Satsar på auka bruk av sykkel

Fylkesutvalet vil bruke over 70 millionar kroner til auka bruk av sykkel i Hordaland. Dette er i tillegg til summen på 154 millionar kroner til sykkelprosjekt gjennom ordinære midler for 2017

syklar odda

Hordaland fylke fortel på nettsidene sine at det er staten som har opna for at fylkeskommunane kan søka om ekstra midler til sykkelsatsing. Fylkesutvalet har vedteke ei prioriteringsliste på åtte punkt til totalt 73,5 millionar kroner. Halvparten er statleg støtte, resten skal fylkeskommunen betale sjølv.

Fylkesutvalet prioriterer bysykkelordning i Bergen på topp. Ein vellukka prøveperiode i sommar/haust er snart over, og det er ynskje om at dette skal verta eit permanent tilbod. Stipulert kostnad er åtte millionar kroner.

Som nummer to er bygging av gang- og sykkelveg langs Hegglandsdalsvegen i Os. Den er kostnadsrekna til 36 millionar kroner.

På tredjeplass står bygging av gang- og sykkelveg langs Hystadvegen på Stord. Her er kostnaden 10 millionar kroner.

På 4. plass er utbetring av eksisterande gang- og sykkelvegar i Bergen og Stord for 10 millionar kroner. Dette omfattar mellom anna strekningane frå Bergen sentrum til Loddefjord, Flesland og Eidsvåg, og mellom Nesttun og Os grense.

På 5. plass står gang- og sykkelveg langs Tysevegen på Stord. Kostnad 4,5 millionar kroner.

På 6. plass står fotstøttar i lyskryss til ein million kroner.

På 7. plass står Sletten senter som skal få sykkelparkering ved bybanestoppet for 1,5 millionar kroner.

På 8. plass er sikker sykkelparkering ved Arna vidaregåande skule og andre skular for 2,5 millionar kroner.

Desse tiltaka kjem i tillegg til ordinær satsing på sykkelbruk. I år er summen 154 millionar kroner. Neste år vert pengane til sykkelsatsing løyvt når budsjettet i desember er vedteke. I tillegg kjem det midler til sykkelsatsing gjennom byvekstavtalen, eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Statens vegvesen og regjeringa. Byvekstavtalen avløyser Bergensprogrammet frå årsskiftet.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: