Meny Lukk

Rømming frå settefiskanlegg i Kvinnherad

Fiskeridirektoratet har fått melding frå Sjøtroll Havbruk AS om at selskapet hadde hatt ei rømming av settefisk frå sitt anlegg i Sunndal i Kvinnherad. Selskapet reknar med at rundt 1000 regnbogeaure har rømt

oppdrett

Fiskeridirektoratet fortel på nettsidene sine at settefiskanlegget ligg tett ved Bondhuselva i Maurangerfjorden. Fiskeridirektoratet region Vest har vore på tilsyn etter rømminga og Sjøtroll Havbruk AS har fått varsel om at dei må foreta utfisking av rømt regnbogeaure frå Bondhuselva. Fisken er i storleiken 18-25 gram og er ikkje klar for sjøvatn. Rømminga skjedde i samband med sortering.

Selskapet er i gong med gjenfangst etter varsel frå Fiskeridirektoratet. Rømminga skjede 14. juni og per 23.juni er det gjenfanga om lag 700 individ. Det skal utførast ny runde med gjenfangst når vassføringa går ned.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: