I fjor søkte ingen bønder i Hordaland om grovfôrerstatning. I år er talet 64. I tillegg til dei 64 grovfôrbøndene, har seks fruktbønder og ein bærbonde i Hordaland søkt om erstatning for svekka avling melder nationen
64 bønder som dyrker grovfôr i Hordaland, har søkt Fylkesmannen om erstatning for tapt eller øydelagt avling. Ein dyvåt sommar er årsaka, ifylgje Bergens Tidende.
På landsbasis er det sendt inn 784 søknader elektronisk om erstatning etter avlingssvikt grunna skader og tap som skuldast klima. I tillegg kjem søknadene som vert sende på papir til kommunane, som normalt utgjer omlag 20 prosent av det totale antalet.
Mellom dei 64 bøndene som søker grovfôrerstatning er 15 frå Sveio, sju frå Osterøy, seks frå Fusa, deretter fylgjer Lindås, Radøy, Meland, Bergen og Fitjar på lista. Bønder i til saman 22 kommunar har søkt erstatning.
Fellesnemnaren for søknadene, er den ekstremt våte sommaren, som har hindra bøndene i å koma ut på markene med traktorar og anna tungt utstyr.
Tidlegare denne veka meldte Nationen at svake grovfôravlinger og uro for smørmangel til neste år, fører til at Tine går inn for at alle bønder med mjølkekyr kan auka produksjonen litt i 2018.
Noen bønder har og måtta gå til det drastiske steget å slakta deler av buskapen som ein konsekvens av fôrmangel.