Det er innført registreringsplikt for hummarfiske frå og med hummarsesongen 2017, men gløym ikkje at hummaren er freda fleire stader i Hardanger

hummer
Bilete: Pixabay

Alle som skal fiska hummar frå 1. oktober 2017 må registrera seg. Dette melder fiskeridir.no.

Alle som skal fiska hummar må registrera seg og få eit deltakarnummer.

Kvar enkelt teine skal ha eit vak som, i tillegg til namn og adresse, skal merkast med deltakarnummer (for yrkesfiskarar: fartøyet sitt registreringsmerke). Dette gjeld og om teinene står i lenke.

Alle som skal fiske hummar må registrera seg før fisket startar. Dette gjeld altså både fritidsfiskarar og fiskarar som er registrerte i Fiskermanntalet.

Pålogging skjer med ID-porten: Når du bruker ID-porten kan du velgja om du vil logga inn med MinID, BankID, Buypass eller Commfides.

Dersom du av ulike grunnar ikkje kan bruka det digitale registreringsskjemaet, kan andre registrera deg på dine vegne.

Hummarfisket startar 1. oktober og varer til 1. desember frå svenskegrensa til og med Sogn og Fjordane, og til og med 31. desember frå Møre og Romsdal og nordover.

Alle reglene for hummarfiske finn du her.

I Hardanger er hummaren freda mellom anna i desse områda:

1. Nordnes-Aksnes (Ullensvang herad)

2. Djupevik-Klokkargarden (Ullensvang herad)

3. Kyrkjenes-Hestagilet (Ullensvang herad)

4. Ulgenes-Porsvik (Ullensvang herad)

5. Steinkrossen-Utne ferjekai (Ullensvang herad)

6. Brimnes ferjekai-kommunegrense mot Ullensvang (Eidfjord kommune)

7. Ologselva-kommunegrense mot Ulvik (Eidfjord kommune)

8. Ulvik herad – heile kystsona

9. Granvin herad – hele kystsona

Les meir om fredingsområda på fiskeridir.no

 

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese