Meny Lukk

Regional kystsoneplan

Fylkestinget i Hordaland har vedteke regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger. Planarbeidet har vore eit pilotprosjekt i regional kystsoneplanlegging

grilling-2016
Bilete: Ivar Nistad

Hordaland fylke fortel på nettsidene sine at regional kystsoneplan for Sunnhordaland og Ytre Hardanger er eit viktig kunnskapsgrunnlag for forvalting av kystsona for lokale og regionale mynde. Planområdet omfattar sjøareal og strandsone i kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Fusa, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Stord, Sveio, og Tysnes, samt sjøareal i Vindafjord kommune i Rogaland.

Fleirtalet med Arbeidarpartiet, MDG, SV, KrF og Raudt peikar på at arbeidet med plankart er eit pilotarbeid, og vedtok at planen skal rullerast etter to år og at kommunane i planområdet skal trekkast inn i arbeidet.

Fylkestinget ynskjer at det skal takast omsyn til at kystgardar skal ha ei bærekraftig utvikling, herunder ha høve til å driva næring innanfor planområda. Dette skal skje i samsvar med dei lokale landbrukskontora.

Alle kart som ligg ved i planen, skal kvalitetssikrast slik at dei er oppdaterte. Detaljert arealplanlegging ligg til kommunane sitt ansvarsområde og er juridisk bindande. Plankartet i den regionale planen er retningsgjevande og skal leggast til grunn for kommunal planlegging, men det er ikkje juridisk bindande.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: