No startar regjeringa forsøk med primærhelseteam som kan bli framtidas måte å arbeida på. Mellom anna skal somme oppgåver legar utfører i dag, utførast av sjukepleiarar i prøveperioden – Kommunane har helse- og omsorgstenester som ofte er gode kvar for seg. Men mange pasientar og brukarar opplever at tenestene ikkje heng saman, og at behandlinga blir stykkevis og delt. Derfor vil me no prøva ut nye måtar å jobba på, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie i ei pressemelding frå departementet. Primærhelseteam er ei tverrfagleg gruppe som skal arbeida saman for å gje helse- og omsorgstenester til innbyggarane på fastlegen si liste. Kjernen i teamet skal bestå av fastlege saman med sjukepleiar og helsesekretær. Teamet skal ta utgangspunkt i pasienten sine behov og ressursar. Pasienten skal få tettare oppfylgjing, til dømes ved heimebesøk. – I mange land utfører sjukepleiarar og andre fagfolk oppgåver som står på fastlegen si arbeidsliste i Noreg. Det er på tide at me tenker nytt om dette her i landet og. Sjukepleiarar kan fylgja opp pasientar med kroniske sjukdomar slik at fastlegane får brukt meir tid til behandling. Dette er framtidas helse- og omsorgsteneste. Kommunane og bydelane som vil vera med i denne spanande piloten, fortener ros for å tenka nytt, seier Bent Høie. – Det er viktig å testa ut ordningar som kan gje kronikarar og andre pasientar med særskilte behov, betre hjelp og oppfylgjing, seier Marit Hermansen, president i Legeforeningen. Norsk Sykepleierforbund sin leiar, Eli Gunhild By, er glad for at pilotane no kjem i gong. – NSF meiner primærhelseteam er eit riktig grep for å utvikla dei kommunale tenestene. Teama skal bidra til eit tettare samarbeid mellom lega og sjukepleiarar i kommunane, særleg knytt til kronisk sjuke og eldre, seier By. Åtte kommunar og tre bydelar er valde til å delta i piloten: Seljord, Ørskog, Flora, Malvik, Kristiansand, Ringsaker, Eid, Rana og Oslo med bydelane Alna, Nordstrand og Sagene. Piloten startar våren 2018 og vil vara i tre år. Helsedirektoratet vil ha ansvar for å fylgja opp ordninga. Det er i statsbudsjettet gjort framlegg om å løyva 55 millionar til forsøket. |