Fylkesutvalet har gåt inn for å etablera produksjonsskule på Hjeltnes i Ulvik, med start til hausten. Dette vert eit tilbod for elevar som er utanfor opplæring og arbeid

ordfører-i-ulvik
Hans Petter Thorbjørnsen. Ordførar i Ulvik. Pressebilete

Tilrådinga er gjort med ni mot seks røyster. A, KrF, Sp, V og MDG røysta for. H og Frp røysta mot plassering på Hjeltnes, men understreka at dei er for konseptet produksjonsskule, ifylgje nettsidene tl Hordaland Fylkeskommune.

Hordaland fylkeskommune har svært god erfaring med den første produksjonsskulen i Noreg, Hyssingen i Bergen. Der har mange elevar kome seg attende i utdanning og arbeid. Hjeltnes vidaregåande skule er lagt ned, men har mellombels drift dette skuleåret. Fylkeskommunen ynskjer å bruka delar av eigedomen vidare til produksjonsskule og fagskuletilbod.

Produksjonsskule på Hjeltnes vert ein internatskule med eit årlege driftsbudsjett på om lag 14,8 millionar kroner. Fylkesutvalet føreset eit årleg statleg tilskot på ni millionar kroner for permanent drift. I fjor fekk fylkeskommunen 4,6 millionar kroner gjennom revidert statsbudsjett, med oppmoding om ny søknad om pengar for i år.

Ein del av eigedommen på Hjeltnes skal seljast. Det er rekna med 4,75 millionar kroner i inntekter av salet. Skulen på Hjeltnes treng istandsetjing for 18 millionar kroner, seinast i 2019. I tillegg til produksjonsskule, er skulen planlagt brukt til aktivitet for Fagskulen i Hordaland. Eit nytt fagskuletilbod innan lokal matkultur er godkjent. Det er og aktuelt å samle deltidstilbod innan bygg og anlegg, og opprette eit nytt tilbod innan lokal byggeskikk på Hjeltnes.

Ordførar i Ulvik, Hans Petter Thorbjørnsen, følgde debatten i fylkesutvalet på Fleischers Hotell på Voss og er godt nøgd med utfallet.

Endeleg vedtak blir gjort i fylkestinget 6. og 7. mars.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese