I kveld er det ope møte om stoda for Odda sjukehus i LO – huset, Sjukehuset det nok ein gong må mobiliserast for, trass fleirtalsvedtaket på Stortinget 15.mai i år som lova at sjukehuset skulle styrkast

odda sjukehus
Fredag var det styremøte i Helse Fonna. Styret slutta seg samrøystes til administrasjonen sitt framlegg som inneber betydeleg budsjettkutt i 2018, både for Odda Sjukehus og dei andre sjukehusa i Helse Fonna.

LO – Leiar g leiar i Rødt Odda, Terje Kollbotn fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at for Odda sjukehus sin del, dreier det seg i første omgang om å slå saman to sengepostaer og redusera antal sengeplassar. – På heilårsbasis to senger, og minst sju for sommaren 2018.

Ved starten av møtet fredag vart det lese opp ope brev frå LO i Indre Hardanger og Fagforbundet i Odda samt at ope brev frå Odda kommune vart delt ut til styrerepresentantane og pressa.

– Desse kutta er ei utfordring som det nye Stortinget må sjå på, seier Kollbotn. – For 15.mai i år, vart det jo klart og utvetydig sagt frå eit samla Storting at Odda Sjukehus skal styrkast. Det er det motsatte som skjer med dette budsjettvedtaket i Helse Fonna.

Kollbotn fortel at det opne brevet allerie er sendt til alle partia på Stortinget. – Og me bed dei om å fylgja nøye med på den vidare prosessen for budsjettet som skal slutthandsamast av styret i Helse Vest 14.desember. Fram til då meiner me at stortingsfleirtalet må koma tydeleg på banen og sikra nok midler, slik at det ikkje vert noko budsjettkutt.

Ifylgje Kollbotn er det ingen i Helse Fonna sitt styre som har forankring i Indre Hardangewr. – Det var ingen som uttrykte bekymring rundt til dømes den store turiststraumen Odda har sommarstid og det at me er rasitsett med stengte vegar vinterstid. Det som bekymra styret, var korleis budsjettkutta ville kunna virka inn på fagmiljøet ved Haugesund sjukehus.

Det vert sett av 200 millionar kroner i investeringsbudsjettet for 2018 til det nye sjukehuset på Haugalandet som skal stå ferdig i 2020. – Det er klart dette virkar negativt inn for driftsbudsjettet, seier Kollbotn. – Sjølv om administrasjonen benektar det. Me vil nok sjå eit aukande press fram mot 2020 for å få nok pasientar til det nye sjukehuset, med hyppigare transportar frå Odda.

Kollbotn tek opp at betydningen av at det nye Stortinget tydeleg held fast ved Stortingsfleirtalet sitt vedtak av 15.mai; at Odda sjukehus skal styrkast.

– I Odda er me no nøydde til å drøfta resultatet av dagens møte i Helse Fonna samann med både sjukehusutvalet og kommunane som soknar til Odda Sjukehus. Me må legga ein felles plan fram mot 14.desember.

– Me har eit styre i Helse Fonna som ikkje er oppteken av å styrka Odda sjukehus for å seia det rett ut. Dette styret er stort sett samansett slik det var, då framlegget om å legga ned aktuttkirurgien i Odda vart presentert.

Kollbotn fortel at mange av styremedlemene hahadde fått med seg dei mange rasa som nesten har sperra Odda ute frå omverda i forrige veke, som mellom anna sperra vegen til Haugesund. – Men det fekk likevel ikkje noko utslag i budsjettdebatten, seier Kollbotn.

– No må Stortinget og helseministeren minnast på at det er dei som har det overordna ansvaret, seierer Kollbotn. – Dei må minnast på at stengte vegar påvirkar liv og helse på fleire måtar. Når helikopter heller ikkje kan letta, slik tilfellet var ein periode, er dette eit dobbelt argument for kvifor Odda sjukehus må vera fullverdig bemanna.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.